Ezinne Okparaebo var ein av utøvarane som sette ny norsk rekord under Florø Friidrettsfestival laurdag.
Ezinne sette ny norsk rekord på 100 meter med tida 11,16 og var kjempenøgd med dagen. Det er ei forbetring av hennar eigen rekord frå VM i Daegu i fjor. Forbetringa er fem hundedeler.
- I love Florø, utbasunerte ho etter at det vart klart at tida vart godkjent med 2,0 sekundmeter medvind. Det aller beste er at ho med dette er kvalifisert til OL, der kravet er 11,29.
Slo eldgammal rekord
Ikkje mykje seinare på dagen sprang Ezinne 200 meter. Denne gongen slo ho ikkje sin eigen rekord, men den 30 år gamle rekorden til Mona Evjen.
- Det er så mykje kjekkare å slå andre sine rekordar, enn å pynte på sine eigne, sa ein jublande Ezinne etter løpet.
Den nye rekorden på 200 meter er no 23.30, i mot Mona Evjen sin på 23.31.
Kasta 75,57 meter
Den første rekorden for dagen tok Eivind Henriksen fra IK Tjalve. Han sette ny norsk rekord i slegge på stadion laurdag ved å slå sin eigen norgesrekord med ein centimeter. Kastet var på 75,57 meter.