Christina Vukicevic (24) skal springe 100 meter hekk i Florø laurdag 2. juni. Elitekoordinator Ståle Jan Frøynes jublar over signeringa av friidrettsidolet.
Etter det mislykka løpet i Hengelo, der ho snubla på første hekken, tek Christina nye tak. No har ho ønskt å stille til start i Hyundai Grand Prix i Florø Friidrettsfestival kommande laurdag. I fjor vann ho Bislett Games og bronsevinnaren frå korthekken i EM innandørs i fjor er rapportert i storform, men enno har ho ikkje fått tider å vise til utandørs.
Stemnesjefen gliser
Stemnesjef Rune Osa synest det er kjempekjekt at Vukicevic kjem til Florø. Kanskje spesielt då ho mislukkast i Hengelo og ingen heilt veit kor ho står no i starten på sesongen. For Christina er i kjempeslag og difor er det knytta stor spenning til sesongstarten.
Startfeltet i Florø er solid med mellom anna Sarah Claxton, som sprang 13,16 i Rehlingen i går. Også Juniorverdensmester 2010 fra Norge og Bergen, Isabelle Pedersen stiller. Ho sprang på årsbeste i Tyskland i går, med 13,58.
Rekordhåp i Florø
I Florø stiller også to norske sleggekastarar med rekord-ambisjonar: Eivind Henriksen og Mona Holm Solberg, samt Margrethe Renstrøm i lengde. Resntrøm hadde fleire underkjente hopp over norsk rekord på eit stemne på Bislett 24. mai i år. Dermed skulle Renstrøm ha god sjanse på å nappe med seg ein rekordsjekk frå Florø med fullklaff.
Heimehåpet Øyvind Strømmen Kjerpeset på 400 meter hekk, som berre var eit halvt sekund frå norgesrekorden i fjor. Det er lova ein rekordbonus på 10.000 for alle Norske rekordar som blir sett i Florø kommande laurdag.
På 100 meter kvinner har Odin Partner Florø utlovd heile kr. 20.000 for norsk rekord. Her stiller Ezinne Okparaebo skarpskodd for å prøve seg på sin eigen rekord, 11,24. Ezinne har sprunge fortare enn det i Florø, men med for sterk medvind. Ho har også vore under sine personlege rekordar på trening i Florida i vinter.
Her er startfeltet på 100m hekk i Florø:
100mh
Norsk rekord: 12,74 Christina Vukicevic, Ski IL, 2009
Banerekord: 13,07 Yulia Kondakova, RUS, 2008
21
Sarah Claxton
1979
GBR
12,81
22
Katsiaryna Poplavskaya
1987
RUS
13,11
23
Emma Tuvesson
1991
SWE
13,38
24
Viktoriya Gappova
1984
RUS
13,08
25
Isabelle Pedersen
1992
NOR
13,21
26
Agathe Holtan Wathne
1994
NOR
14,21
27
Christina Vukicevic
1991
NOR
12,74
28
Caroline Lundahl
1991
SWE
13,80
Kva skjer? | ||