Florø 2 toppar no tabellen i 5. divisjon etter siger over Eid 2 måndag kveld.
Det stod 1-0 til Florø etter første omgang etter ei skåring med Runar Helland Åmot.
Dino Omerovic sette inn ei straffe i det 49.minutt. Magnus Brandsøy ( 57 min.) og Kristoffer Orheim (84. min ) sette inn kvart sitt, før Eid fekk seg eit trøstemål heilt til slutt.
Førebels ser det ut til at laget kan greie å rykke opp ein divisjon, noko som ville vere ideelt med tanke på å få betre matching av dei nestbeste i Florø Fotball.
Florø 2:
Joachim Husevåg
Anders Sørensen
Martin Hollevik
Magnus Brandsøy
Sebastian Erikson
Dino Omerovic
Runar Åmot
Aksel Bauge
Erik Selaas
Kristoffer Orheim
Mats Hovland
Innbyttarar:
Joachim Tunheim
Emil Aadland
Bjørnar Ommedal
Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" vart arrangert i havnebassenget i Florø laurdag.
Stor bildeserie her!Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir