- Alle barn og unge er inviterte til Bremangerhallen i haustferien.
Det fortel Klara Bakke i Bremanger IL Handball.
Då blir det handballskule i Bremangerhallen. Det er Norges Håndballforbund og Gjensidige sitt samarbeidsprosjekt med handballskular for barn og unge over heile landet som skal arrangerast av handballgruppa i BIL.
Forsikringsselskapet har vore handballjentenes og norsk elitehandballs støttespelar gjennom meir enn 15 år.
Gjensidige Handballskule er eit tilbod til alle barn mellom 6-13 år, uansett nivå. På skulen blir det leik og moro med ball, konkurransar og godt fellesskap.
- Alle mellom 6-13 år er hjartelig velkomne til å vere med. Det er trening måndag til onsdag, 11. – 13. oktober frå klokka 9, opplyser Bakke.
Informasjon og link til påmeldingsskjema ligg på heimesida til Bremanger handball.
I 2007 starta handballforbundet samarbeidet med Gjensidige og lanserte Gjensidige Handballskule, og det vart arrangert handballskular over store delar av landet.
– Vi i Bremanger IL gler oss til å gjenta suksessen frå i fjor haust. Barna skal få lære mer om handball og sjølv vere midtpunkt i spelet, seier Irene Seim, handballtrenar i Bremanger Idrettslag.
Ho skal saman med fleire andre medhjelparar lære nye spelarar å bli glade i handball, og vidareutvikle dei som allereie speler aktivt.