...
I VINDEN: Vêrmeldingane seier sørvestleg kuling under Norges Cup arrangementet i helga. ? Vi skulle vel helst arrangert i dag, men kuling betyr at avviklinga blir sikra, seier regattasjef Frode Stavang t.v. og leiar i Florø Seilforening Ivar Presttun. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Fyller Florø-hotella med seglarar

I helga er Florø vertskap for årets siste Norgescup.

Publisert 08.09.2010 kl 20:42 Oppdatert 08.09.2010 kl 20:42

Tips ein venn på e-post:


Då kjem 400 tilreisande til kystbyen for å vere på det største arrangementet i landet blant seglarar mellom 11 og 20 år.

Det er utelukkande seglarar som bur på Comfort og Quality Hotel i Florø i helga, noko som vil merkast i byen.

Reint sportsleg har ikkje Florø Seilforening dei største sjansane til å nå opp i samandraget. Men ti av dei om lag 150 seglarane kan seie dei konkurrerer på heimebane laurdag og søndag.

– Det er klart at økonomisk er eit slikt arrangement motiverande. Og vi treng også jamleg konkurransar for å halde oss skjerpa som arrangør, seier regattasjef Frode Stavang.

– Vi er om lag 50 funksjonærar, og det er litt mindre enn det vi har vore vande med, seier leiar i Florø Seilforening, Ivar Presttun. Men det er på ingen måte krise for arrangøren.

– Frå Furuholmen, Prata eller Sørstrand kan du sjå konkurransane frå land. Dette er litt særeigent for Florø, seier Presttun.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.