...
FRIR TIL PUBLIKUM: F.v. Thor-Henning Brandsøy, Peter Aase, Martin Solheim-Olsen og Stefan Aase håpar publikum støttar opp om dei i dei tre siste heimekampane i år. - Vi er så nære at vi treng all hjelp vi kan få, seier dei. Fredag møter dei Årdal på Florø stadion. Foto: Dag Nesbø Frøyen

- Publikum kan avgjere utfallet

Det er fem kampar igjen av sesongen, og Florø SK er mot alle odds i posisjon til å halde seg i divisjonen.

Publisert 08.09.2010 kl 20:25 Oppdatert 08.09.2010 kl 20:26

Tips ein venn på e-post:


Florø Sportsklubb har overraska positivt med attraktiv fotball og blendande teknikk denne sesongen.

No har dei tre heimekampar igjen og håpar på god støtte frå heimepublikummet.

– Då vi spelte mot Fjøra heime, merka vi støtta frå tribunen. Publikum gjorde at vi klarte å heve oss i andre omgangen, vedgår Thor-Henning Brandsøy.

– Det er slik vi ser det fire lag som slåst om femte- og sjetteplass, som etter divisjonsomlegginga er sikre plassar, seier Martin Solheim-Olsen. Utanom Florø SK gjeld dette Dale som ligg på plassen føre FSK, Sogndal 2 og Fjøra.

Bruntrøyene har igjen Sogndal 2, Stryn og Årdal heime.

– Slik vi opplever det kan publikum påverke positivt i dei siste heimekampane våre, og no er vi så nær at vi treng all den hjelpa vi kan få, seier Stefan Aase, G15-landslagsspelaren.

Mest lese no

...

Vil ha ny runde om åttetalsstien

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir

...

Flytta fjell for å utvikle firmaet

Lokalnytt Han starta i det små i 1993 med ein lastebil. Etter kvart som firmaet utvikla seg, dukka behovet for meir næringsareal opp. Sidan kommunen ikkje kunne hjelpe han, så tok han saka i eigne hender. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.