...
Edvin Førde markerer eitt av sine tre mål i heimekampen mot Vik i august 1992. Den andre måljegaren heilt på topp, Bengt Solheim-Olsen, scora også tre mål. Bengt har no 17 mål i årets serie og Edvin står med 13. Men dei kan få konkurranse på topp. Trenar Benny Eriksson gjekk av bana etter første omgang og let lovande Eirik Svardal (17) heimedebutere som tredje spiss i etter pausen. Eirik kom ikkje på scoringslista denne gongen, men viste fort at her har Florø ein ny spiss som har mykje å gi. Arbeidsvillig, rask, teknisk slepen og pasningsterk boltra han seg i klyngene av Vik-spelarar. Foto: Olav Hatlemark.

Blir favorittar i Sogn

Samstundes skal FSK revansjere sesongens verste minuttar mot formsvake vertar.

Publisert 02.09.2010 kl 17:23 Oppdatert 03.09.2010 kl 21:14

Tips ein venn på e-post:

...
Innerst inne venta nok spelarane til Florø SK lett kamp mot botnlaget Vik i heimeoppgjeret i august 1992. Og med 8-0 pynta FSK pent opp på målscoren og toppar no for første gong i år 3. divisjon. Målscorarane var Edvin Førde (bildet, 3), Bengt Solheim-Olsen (3) og Tore Reksten (2). Florø har til saman 13-0 på dei to kampane mot sognelaget dette året, og samstundes kom den niande sigeren på rad. To månader seinare viste sluttabellen tredjeplass til FSK og nedrykk for Vik. Foto: Olav Hatlemark.

Trass i ein fin sesong, har det blitt nokre nedturar for Florø SK, og heimekampen mot Vik i mai må kome høgt opp på lista. 2-0 med god kontroll, vart snudd til 2-5 den siste halve timen.

Og FSK hadde uavgjort til det var fem minutt igjen av ordinær tid.

Form

Etter sigeren i Florø stod Vik med tre sigrar og tre tap og var nummer seks, føre FSK, på tabellen.

Så seint som i slutten av juni hadde sogningane tabellplass fem, men så kom fem strake tap, og no har Vik berre tre lag bak seg - heile ni poeng frå sjetteplassen. Med Viks 2-0-7 på dei siste ni kampane er det berre Høyang i avdelinga som har dårlegare formutvikling.

For å illustrere det ytterlegare: Dei blåkvite har sleppt inn 22 mål på dei fire kampane etter ferien, mot 26 baklengs totalt på dei 12 første.

I det siste heimeoppgjeret vart det 1-10 mot Tornado Måløy, som ikkje berre er den mest målrike kampen, men også det største tapet noko lag har hatt i 3. divisjonsavdelinga vår så langt i år. Med det har Vik 24 innsleppte scoringar på eiga bane, vi finn ikkje andre enn Sandane med høgre tal.

På Vik stadion er det blitt heller beskjedne ti poeng på ni kampar, der fem er tapt. Morgondagens vertar har 1,4 fulltreffarar i snitt på heimekampane, berre Sogndal 2 og Jølster har dårlegare snittal framfor eige publikum.

Men Vik har scora i kvar heime/bortemøte utanom to, denne sesongen. Til samanlikning er Florø mållause i fem av årets kampar.

Den siste var i Måløy førre helg, men det knipne og tilfeldige tapet mot eit lag som hadde dusinet fullt med scoringar i dei to føregåande heimekampane, var likevel ein god prestasjon. Florø SK er no tilbake på sjetteplassen, fem poeng betre enn nummer sju.

Det er blitt to sigrar og to tap etter sommarpausen. I morgon legg FSK ut på sesongens siste sognetur, og frå den delen av fylket har laget henta tre av sine fire bortesigrar. Den siste poengdelinga på framand underlag var også i Sogn, for heile 15 månader sidan.

Historikk - statistikk

Florøs tre siste kampar mot Vik har alle endt med solide tap. Forutan 2-5 i mai vart det 0-5 i eit cupoppgjer i Vik månaden før, og haustkampen på heimebane i fjor slutta 0-3. Berre sigeren i junimøtet i Vik førre sesong rettar opp ein dårleg innbyrdes statistikk.

Og andre kampar har ikkje FSK spelt mot sogningane sidan 1996, då Vik forsvant ned i 4. divisjon. Bortsett frå ein kort visitt på nivået over i 2000, har klubben oppheldt seg i 4. og 5. divisjon (så seint som i 06) før dei i fjor gjorde comeback i fylkets øvste divisjon, der dei såvidt fekk klamra seg fast.

Tabell - ny serierunde

Tabellen etter 16 serierundar:

Tornado Måløy 40 poeng, Stryn 35 poeng, Årdal FK 35 poeng, Eid 31 poeng, Dale 26 poeng, Florø SK 25 poeng, Fjøra 20 poeng, Sogndal 2 17 poeng, Vik 16 poeng, Sandane 12 poeng, Jølster 10 poeng, Høyang 7 poeng.

Neste serierunde:

3. september: Jølster - Fjøra

4. september: Vik - Florø SK (klokka 16), Dale - Eid, Stryn - Sandane, Årdal FK - Tornado Måløy.

6. september: Sogndal 2 - Høyang.

Mest lese no

...

Vil ha ny runde om åttetalsstien

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir

...

Flytta fjell for å utvikle firmaet

Lokalnytt Han starta i det små i 1993 med ein lastebil. Etter kvart som firmaet utvikla seg, dukka behovet for meir næringsareal opp. Sidan kommunen ikkje kunne hjelpe han, så tok han saka i eigne hender. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.