Takkar sambuaren for pistol-bronse

SANDNES: Hjalmar Joleik frå Eikefjord vann bronsemedalje under pistol-NM i Sandnes. Han gjev sambuaren mykje av æra.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 19.07.2010 kl 16:34 Oppdatert 19.07.2010 kl 16:36

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Olav Hatlemark

Onsdag 14. juli, under noregsmeisterskapen i pistolskyting skaut Joleik seg til 94 poeng i øving Revolver. Dermed stakk han av med bronsemedaljen og kunne stige opp på pallen for femte året på rad.

– Det er artig, bevares meg vel. Kjempegreier. Å komme på pallen er det vi skyttarar strevar for, seier Joleik.

For bak tredjeplassen ligg det trening, trening og atter trening.

– Det går nok altfor mykje tid til skytetrening. Det er tett i toppen, og skal ein vere med det må ein trene seint og tidleg, seier han og understrekar:

– Det har kanskje gått ut over tida med sambuaren min. Men ho er med og støttar, så ein god del av medaljen er hennar forteneste, seier Joleik.

Den dagen han sikra bronsemedaljen var vêret nokolunde føreseieleg på skytebana på Sandnes. Det var ikkje tilfellet på laurdagen, under skytinga med grov pistol. Då vart kulene hans teken av dei plutselege, sterke vindkulene.

– Eg låg godt an ei god stund, men utover dagen vart vêret forferdeleg. Vindkulene gjorde at eg tapte 10 poeng og enda på åttande plass, seier Joleik som ikkje er vidare skuffa over plasseringa.

– Ein god middag og noko godt om kvelden er ein ovanpå att, og ser lyst fram til neste NM, seier eikefjordingen.

Mest lese no

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.