FLORØ: Eit Sogndal i toppen av adeccoligaen og Brann i botn av tippeligaen borga for eit jamt oppgjer i Florø. Men Bergens-stolthet viste at dei er tilbake på sporet etter katasrofevåren.
Brann-trenar Rune Skarsfjord smila som ei sol etter kampen i Florø søndag. Han skifta ut heile laget etter pause utan at dei tapte mykje av trykket. I første omgang fekk han sjå Erik Huseklepp med nettkjenning og eit offensivt spel som sat. I den neste omgangen fekk han sjå Diego Gustavinio fyre av skot mot vinkelen frå alle tenkelege posisjonar. Eit av dei redda av keeper slik at publikumsynglingen Cato Hansen fekk oppleve å bli matchvinnar med hovudet på returen.
– Vi får testa mange spelarar, vi unngår skader og vi vinn. Det blir ikkje betre enn det, oppsummerte ein nøgd branntrenar.
No er det ferie for Brann og trenar Rune Skarsfjord var klar på at Brann skal gi eit anna inntrykk i haustsesongen enn kva dei har levert til no.
KAMPFAKTA
Brann - Sogndal 3-2 (2-1)
Treningskamp
Florø stadion
Tribune: Ca 1600
Mål:
1-0 Erik Mjelde (24. min)
1-1 Ulrik Flo (29. min)
2-1 Erik Huseklepp (32. min)
2-2 Håvard Flo (82. min)
3-2 Cato Hansen (90. min)
Dommar: Joakim Knapstad, Eikefjord IL
Gule kort: Ingen