EIKEFJORD: Det er femte gong Sportsklubben Brann kjem til Eikefjord og Toppfotball Sunnfjord. Og det blir neppe den siste skal vi tru trenar Rune Skarsfjord.
Treningsleiren i Eikefjord og Florø har blitt ein tradisjon for Sportsklubben Brann. Den er blitt viktig for å sveise spelarane tettare saman før haustsesongen tek til.
– Heime i Bergen går spelarane heim til familien etter trening. Difor er det viktig at vi innimellom gjer noko sosialt, seier Skarsfjord. Dette er den einaste treningssamlinga Brann har i ferien og på hausten skal dei klatre mange plassar på tabellen. Nøkkelen ligg i balltempo. Vêret la slett ikkje noko dempar på det.
Digg
– Dette var digg, fortalde Erik Mjelde om forholda på Eikefjord Idrettspark. Og han fekk støtte frå trenaren sin.
– Dette var perfekte forhold. Bana er perfekt. Det er som å spele på eit golvteppe. Og når det regnar får vi god fart på kula. Då må spelarane jobbe og kan ikkje berre stå rundt på bana å sole seg, seier Skarsfjord med eit smil.
Etter treninga gjekk turen til sentrum og Nærleiken kor det vart servert middag og vist VM-kamp på storskjerm.
Skotkonkurranse
Før dette fekk vi oppleve NRK sin utegåande reporter Malene Vilnes frå Atløy konkurrere med Eirik Bakke i kven som kunne skyte hardast. Og klem-backen frå Atløy viste eit urovekkjande godt prøveskot fleire av prøveskyttarane ikkje kunne straffe. Dermed hadde Brannstrategen press på seg då Per Øyvind Sørbø med lasermålaren skulle rapportere direkte til NRK-studio. Men Bakke var kald og fyrte av eit skot på 102 kilometer i timen og feia all tvil til side.
Tvil hadde derimot ein del av dei forbipasserande førarane som fekk lasarmålaren retta mot seg av Sørbø.
Sportssjef i Brann Roald Bruun-Hansen takka vertskapet på Nærleiken med å det nye Brann-slipset til Norsk slipsmuseum noko Brigt Samdal takka og bukka for og meinte ville passe fint i samlinga av slips i fotballsjangeren.