Bjarte Nesheim opna 6. divisjonssesongen på heimebane for Tempo med hattrick mot Svelgen.
Tempo kunne gå av bana på Florø stadion tysdag kveld med ein komfortabel siger 5-2 mot Svelgen i første heimekamp, der det stod 1-0 til pause i ein relativt jamnspelt omgang. Tempo hadde flest sjansar, men Svelgen hadde to kvalifiserte sjansar som også kunne vore omsett i mål.
Svelgen byrja best i andre omgang og pressa Tempo bakover. Det betalte seg etter fire minutt då Frank Hatleset serverte ballen til broder André som stanga den sikkert i nettet. Svelgen pressa vidare, men fekk i staden ein leksjon i effektivt angrepsspel av Tempo. Kjappe og friske Tempo-angriparar fekk relavtivt lett spelerom til tider. Totalt i kampen teikna Kristian Vårdal seg for to, medan Bjarte Nesheim fekk tre. I løpet av eit effektivt kvarterl i andre omgang stod det plutseleg 5-1 i protokollen. Frank Hatleset reduserte til 2-5 då det var kring 10 minutt att av kampen.
Svelgen-trenarane var naturleg nok ikkje nøgde med kampen:
- Tullefeil, markeringssvikt og pasningsfeil gjorde at Tempo sin spissar lett kunne lage fire mål i andre omgang, skriv dei på STIF si heimeside.
Tempo-trenar Børge Nordal var nøgd med andreomgangen:
- Vi hadde mange sjansar i første med lite utteljing, slik som då vi spelte første kamp 1-1 mot Gaular 2. I dag viste laget klart årsbeste og heldt oppe intensiteten i begge omgangar, kommenterer han.
Begge lags leiarar meiner at dei har rikeleg med folk i stallen til å gjennomføre sesongen.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir