Florø Innebandyklubb sitt gutelag knuste Førde 17-3 på heimebane, og vart med dette seriemeistrar i Sogn og Fjordane.
Gutelaget til Florø har ikkje hatt eitt tap, og har fungert godt som eit lag gjennom heile sesongen. Dei eldre spelarane har i tillegg vore dyktig til å organisere laget sjølv på bana. Det gjorde at dei onsdag kunne dra heim sigeren som seriemeistrar.
– Dei eldre spelarane skal ha mykje av æra for at vi har gjort det så bra. Vi har trent bra gjennom året. Måljegeren Sondre Årøen er ein av dei som har utmerka seg særdeles bra gjennom heile sesongen. Under kampen utmerka også keeper Nikolai Fredheim seg. Han tok over etter at vår trufaste keeper Bendik Andersen måtte halde benken grunna sjukdom, seier trenar Kristian Berentzen.
Men ein annan keeper utmerka seg også. Dei siste fem minutta fekk tolv år gamle Martin André Øren Nes prøve seg framføre buret, utan å sleppe inn eit einaste mål frå dei større gutespelarane på Førdelaget.
– Eg tenkte å gje alt på bana, smiler Martin André.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir