FOTBALL: Florø SK sine gutelag var fullstendig i ein klasse for seg under KM innandørs i Måløy i helga. Det var to Florølag i finalen og det tredje slo Sandane i bronsefinalen
Sjølv om alle dei andre laga toppa laget inn føre KM-innadørs, viste breidda på gutesida i Florø at det ikkje trengst.
Florø stilte med fire likestilte lag i turneringa. Og tre av dei skulle vise seg å vere dei tre beste.
Florø sine jenter tok også ein sterk tredjeplass etter at dei slo Selje 2-1 i bronsefinalen fredag.