Ny heimesiger for FSK

HANDBALL: Florø SK sitt herrelag vann komfortabelt 28-20 mot Eid i Florø idrettssenter søndag.

Publisert 07.03.2010 kl 23:03 Oppdatert 07.03.2010 kl 23:03

Tips ein venn på e-post:


Det såg lenge ut til at det ikkje skulle bli noko handballkamp søndag. Magnhildskaret var stengt, men skyssbåt til og frå Kjelkenes gjorde til at Eid kom seg fram til slutt og kampen vart avvikla, rett nok med eit par timar forseinking.

Eid starta godt med ei 0-2 leiing, men etter at den vart henta opp til 2-2 klarte aldri Nordfjordingane å ta leiing på nytt mot heimelaget. Kristian Kvellestad i Florømålet var noko av grunnen til det. Han trekte opp storspelet i periodar, og ei rekke 100 prosentredningar gjorde motstandarane frustrerte. Men i angrep fekk ikkje heimelaget heilt flyten. Det stod 12-9 til pause. Dei første ti minuttane av andre omgang vart det andre takter på angrepet og Florø byde seg opp ei solid leiing som skulle halde seg til Årdals-dommarane Torstein Kvam og Asbjørn Håre blåste av.

Florø ligg no på 5. plass på tabellen med like mange poeng som Bergen HK på tredje.

Neste søndag har FSK BSI heime og om 14 dagar er det Årstad som kjem til Florø.

KAMPFAKTA

3. divisjon Herrar region vest

Florø SK – Eid 28-20 (12-9)

Florø Idrettssenter

Dommarar: Asbjørn Håre og Torstein Kvam

Florø: Kristian Kvellestad, Kim Haukås (5), Hugo Hellesen (1), Lars Engen Skadal (3), Bjørn Wefring (1), Dag Frøyen (5), Ole Bernt Solheim, Pål Anders Bakke (7), Kristjan Breidfjord, Martin Andersen (5), Andreas Aven og Kristoffer Brandsøy (1).

2-minutt: Florø 3x2, eid 2x2

TABELL

1. Nornen II 22

2. Gloppen 20

3. Bergen HK 17

4. Årstad 17

5. Florø 17

6. Os 17

7. Gneist 14

8. BSI 13

9. Åsane II 8

10. Eid 5

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.