FRIIDRETT: Eivind Stavang hadde ein dårleg dag på 60 meter hekk og reiv alt han skulle over. Men då hekkane var rydda av vegen kom den store oppturen.
Eivind Stavang var heime i helga for å delta på Norwell Leikane i friidrett i Florø Idrettssenter. Då hadde han eit hinder han ville ha rydda av vegen.
– Eg må under sju sekund på 60 meter, fortalde han og hadde planen klar.
Reiv alt
60 meter hekk som brukar å vere den klare paradeøvinga for den beste korthekkløparen i landet. Men då det ikkje stemte over den første hekken, kom han fullstendig ut av rytmen.
Etter at han reiv alle dei fem hekkane i løpet var det ein uvanleg mutt Stavang som rusla tilbake til start.
– Nei dette var ikkje bra. Eg bomma på den første og då blir eg alt for lav resten av løpet. Den første hekken har eg i grunnen trøbla litt med i vinter, fortalde Stavang.
Men seinare i stemnet fekk han oppreisinga han hadde håpa på.
Endeleg
På formel-1 distansen under tak kjempa han seg inn i det celebre selskap av utøvarar som gjer unna distansen på under 7 sekund.
6.98 lyd den nye persen på og Stavang var strålande nøgd.
– Det er mykje meir sexy nede på 6-talet, fortalde ein glisande Stavang.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir