...
- Fy flate så herleg, jubla ei nesten sjokkert Christina Vukicevic etter at ho hadde slått norgesrekorden med tida 7,94 under Norway indoor Florø laurdag. Foto: David E. Antonsen

Slo noregsrekorden i Florø

Laurdag tangerte Christina Vukicevic den gamle noregsrekorden to gonger, under Norway Indoor Florø. Den nye rekorden lyder no på 7,94.

David E. Antonsen E-post
Publisert 28.02.2010 kl 12:11 Oppdatert 28.02.2010 kl 14:21

Tips ein venn på e-post:

BILDE: Norway Indoor Florø 2010

...

Laurdag vart det fleire gode resultat under årets Norway indoor Florø.

Sjå bilete her

– Fy flate så herleg, jubla ein strålande Vukicevic då det gjekk opp for henne at ho nett hadde sett ny noregsrekord for andre gong under same stemne.

– Eg kjende det under løpet at det gjekk bra, og visste eg hadde det i meg; men er det muleg? No trur eg at eg berre blir betre og betre framover. No satsar eg alt på EM i Barcelona, legg ho til.

Men det er eitt eller anna med Christina Vukicevic og innandørsbana i Florø Idrettsenter. Kvar gong ho er her, set ho ny rekord. Til dømes vann ho NM første gong ho var her.

– Ja, så absolutt. Det er ei fantastisk bane, og dei klarer alltid lage eit stemne med toppkonkurrentar frå heile Europa.

Ei av dei som også hadde grunn til å vere nøgd var Folake Akinyemi. Trass i sjukdom den siste tida, tangerte ho VM-kravet på 60m med tida 7,37. Det er også sesongbeste.

– Det er bra at eg kan vise at eg er i god form etter sjukdomsperioden. Men eg håper sjølvsagt på betre tider framover.

Sjå komplett resultatliste her

Firdaposten kjem tilbake med meir frå Norway Indoor Florø i papirutgåva.

Mest lese no

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Selje innfører orkan-trekk i løna

Lokalnytt Selje kommune har bestemt seg for at tilsette som ikkje kom seg på jobb under Dagmar-orkanen, blir trekt i løn. Les meir

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.