Under KM-kvalifiseringa i Florø denne helga skulle fire av 14 gutelag vidare til sluttspelet. Florø tok alle plassane.
Florø fekk i tillegg to smågutelag og juniorlaget med vidare.
Det er tre kvalifiseringsturneringar til KM innandørs i fotball fordelt på Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Denne helga var det dei beste laga i Sunnfjord som skulle kårast i Florø Idrettssenter. Og verten for Sunnfjordkvalifiseringa skulle kanskje vore meir rause. For på gutesida kan ein trygt seie at Florø driv ein eigen idrett for tida.
Brune finalar
Det var reine Florøfinalar både på smågut- og gutesida. På gutesida fekk Florø i tillegg eit tredje og eit fjerdelag til sluttspelet i Måløy 7. – 8. mars.
Mangeårig fotballeiar i Florø Sportsklubb, Øystein Hjertenes, var rimlege stolt over breidda Sportsklubben no mønstrar.
– Desse laga er ikkje spissa. Heile 2009 sesongen har trenarane sjonglert med laga for at dei ikkje skal vinne kampar 20-0. Vi har hatt 13-åringar som har trent med gutar slik at alle spelarar har kunne matche seg på sine nivå og det har gitt resultat, seier Hjertenes.
– Gode spelarar og gode lag
Det han ønskjer å tilbakevise er kritikken mot at Sportsklubben ikkje har fått spelarar opp og fram på eit høgre nivå.
– No har vi ikkje berre fått fram gode spelarar, men vi har også fått fram gode lag.
Til samanlikning med den norske skulen som eg har jobba med, har vi ein formålsparagraf i klubben som seier at det skal vere plass til alle. I FSK seier vi også at dei som vil bli betre skal få høve til det. Der skil vi som klubb og skuleverket i Norge lag, poengterer Hjertenes.
FSK-trenar Geir Rindheim fortel at dei har sett opp lag med spelarar som utfyller kvarandre.
– Vi toppar ikkje laga, men prøver å finne spelarar som står godt til kvarandre. At alle held eit høgt nivå skulle eg tru kvalifiseringa denne helga viser, seier Rindheim.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir