...
Foto: David E. Antonsen

Nye rekordar under KM 2009

Eivind Stavang og Øyvind Strømmen Kjerpeset sette nye rekordar laurdag.

David E. Antonsen E-post
Publisert 20.09.2009 kl 13:25 Oppdatert 20.09.2009 kl 16:03

Tips ein venn på e-post:

BILDE: KM 2009

...

I helga var det KM i friidrett på Florø stadion.

Sjå bilde her!

Under krinsmeisterskapen 2009 på Florø stadion i går, sette Eivind Stavang (27) krinsrekord på 100-meter med tida 10.93, noko som er svært bra i og med at vi no er seint i sesongen.

Like etter var det ein spanande 200 meter øving i hekk, som for øvrig ikkje går inn som ein krinsmeisterøving.

Øyvind Kjerpeset Strømmen (18) og Eivind Stavang deltok i denne øvinga, men denne gongen var det Øyvind som drog det lengste strået.

Han løp inn til tida 24.30. Dette er ny krinsrekord, klubbrekord og ny aldersrekord på landsplan. Det var dessutan berre hundredelar frå den norske juniorrekorden.

Trass i prestasjonane på banen, var oppmøtet ikkje av det betre med 160 deltakarar. Det seier Rune Osa i Florø turn og idrettsforening.

– Det har vore eit svært vellukka arrangement. Men med lita deltaking. Det har å gjere med at vi er såpass seint i sesongen, seier han.

Likevel vart KM 2009 svært så vellukka for deltakarane, spesielt blant dei yngre som såg ut til å ha ei framifrå oppleving på stadion laurdag.

Mest lese no

...

Vil ha ny runde om åttetalsstien

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir

...

Flytta fjell for å utvikle firmaet

Lokalnytt Han starta i det små i 1993 med ein lastebil. Etter kvart som firmaet utvikla seg, dukka behovet for meir næringsareal opp. Sidan kommunen ikkje kunne hjelpe han, så tok han saka i eigne hender. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.