Eikefjord viste årsbeste i førsteomgangen mot Florø 2.
Florø 2- Eikefjord 0-3 (03) Eikefjord tok sin fjerde siger på rad i haust og tryggja topplassen i 5. divisjon i fotball etter å ha vist årsbeste i første omgangen på Florø stadion tysdag borte mot Florø 2.
- Ein lagsiger. Etter at vi laga tre mål i første omgang slappa vi meir av i andre omgang. Her var det ingen grunn til å ta ut meir krefter enn nødvendig, seier spelande trenar Ørjan Eikevoll. Daniel Brandsøy laga to mål og Joakim Brandsøy eitt.
Eikefjord leier no divisjonen med tre poeng framfor Loen og har tre kampar att. Dei møter Loen borte i det som kan bli seriefinalen i siste kamp.
På eitt område har eikefjordingane og trenaren for tida eit luksusproblem. Dei har ein uvanleg stor spelarstall for 5. divisjon å vere. Mot Florø hadde dei med sju på benken, og endå har dei fleire i bakhand.