Gull og bronse til FT&IF under dei par første timane av UM i friidrett.
I eit ufyseleg ver for friidrett på Nadderud stadion i ettermiddag, klarte Florø-kastaren Sveinung Grøneng Havn å få bra trøkk i kulekonkurransen. 17-åringen kunne dermed innkassere den første medaljen til Florø, nærmare bestemt ein bronse.
Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til komfortabel siger på korthekken. Likevel var Florø-løparen berre passe fornøgd.
- Tida 15.25 var ikkje all verda, og faktisk dårlegare enn kva løpet kjendes ut. Det stemmer ikkje heilt for meg i avslutningsdelen av løpet, sa stortalentet, som laurdag skal springe forsøk på 200 meter og 400 meter hekk.
Det var knytt stor spenning til korleis stavhoppar-kvartetten frå Svelgen ville gjere det, men det kraftige regnveret gjer at stavhoppkonkurransen truleg må utsetjast i fleire timar.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir