FRIIDRETT: Øyvind Strømmen Kjerpeset (17) imponerte nok ein gong på langhekken i ein stor konkurranse. Denne gongen var det nordisk meisterskap og 17-åringen tok sølv med det norske flagget på brystet.
Som den beste juniorløparen på 400 meter hekk i landet, og ein av dei tre i landet om vi tek med seniorane, har 17-åringen frå Kleiva i Florø imponert stort i år. Denne helga har han vore i byen Vaasa i Finland der det var nordisk meisterskap. Med dei beste utøvarane i Norden på plass var det berre ein islending som kunne tukte Øyvind Kjerpeset. Men stortalentet i FT&IF meinte han kunne vore kvassare i finaleløpet.
Kunne vunne
– Vinnaren sprang på 53.61 noko som er 23 hundredelar dårlegare enn persen min. Så eg har ei kjensle etterpå at dette kunne eg vunne, seier han.
Men perfeksjonisten gleda seg likevel over at han heva seg litt frå bronsen han vann i nordisk i fjor.
– Det stemte ikkje heilt teknisk denne gongen og beina var heller ikkje så gode som dei var under junior NM i Bodø, EM i Serbia og NM på Lillehammer, seier han.
Sjølv om han meinte gullet var innan rekkevidde gler han seg over sølvmedaljen.
Favoritt
Bestetidene til løparane i finalen viste at Kjerpeset var ein av dei heitaste favorittane.
På bana var det sterk vind og oppløpet på 400 meter hekk er tøff om vinden bit. Då stemmer ikkje steglengda mellom hekkane og tidelane flyg.
– Då eg kom opp på oppløpet og kjende vinden ta, var det som å springe i ein vegg, seier 17-åringen.
No når løpet er komme litt på avstand meiner han sølv er greitt nok.
UM neste
Neste konkurranse er UM på Nadderud og det er avslutninga av sesongen.
No merkar han på kroppen at han har konkurrert mykje.
– Det er tungt å konkurrere mykje, men denne helga sprang eg berre eit løp, så eg reknar med eg skal vere godt restituert føre UM, seier Kjerpeset.
Han er tydeleg på at noko anna enn gull i UM vil vere ein stor nedtur.
– Sesongen sett under eitt er eg veldig nøgd med. Spesielt flatt 200 meter har vore ein opptur. Hekken har ikkje klaffa heilt, så eg håpar eg kan heve meg litt på Nadderud til helga, avsluttar den nordiske sølvvinnaren.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir