...
Øyvind Strømmen Kjerpeset sikra seg gullet på 400 meter hekk, men håplause forhold hindra rekordforsøk. Foto: Rune Helle

Gull til Kjerpeset og Kleppe

2 gull og 1 bronsemedalje til Florø under junior-NM i friidrett i dag

Publisert 15.08.2009 kl 21:44 Oppdatert 15.08.2009 kl 22:07

Tips ein venn på e-post:

...
Steinar Kleppe vann sleggekonkurransen i Bodø Foto: Rune Helle

Både Øyvind Strømmen Kjerpeset og Steinar Kleppe innfridde under dagens øvelsar under junior-NM i friidrett som blir arrangert i Bodø denne helga.

Kjerpeset sikra seg gullet på 400 meter hekk, men under håplause forhold var han aldri i nærleiken av å kunne true den gamle noregsrekorden til trenar Dag Ove Flatjord. 17-åringen kom i mål på tida 55,01, og det holdt til seier. Per Magne Florvaag frå Sandnes tok sølvet på tida 55,11.

- Forholda var håplause, det var regn og vind og berre 10 grader. Eg prøvde berre å sikre gullmedalja, fortel Kjerpeset. Han var også i aksjon i eit forsøksheat på 200 meter der han kom inn på andre plass. Med det er han kvalifisert til morgondagens finale. - Eg stiller godt forberedt, og har godt håp om å hevde meg bra både på 200 meter og på 110 meter hekk, i tillegg til at vi trur på eit godt resultat på stafetten, held han fram.

Steinar Kleppe vann sleggekonkurransen i klasse jr22, han fekk opp eit bestekast på 57,64 og det holdt i massevis. Vegard Henriksen frå IK Tjalve blei nummer to med 51,92. Daniel Ullaland Nekkøy kom på 7.plass i jr19 klassen med eit beste kast på 46,77.

I lengdekonkurransen kom Kim Nes Leirvik på tredje plass med 6,60, fattige fem cm bak andreplassen.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.