...
INNFRIDDE : Øyvind Strømmen Kjerpeset sikra seg gullet på 400 meter hekk under junior-NM i friidrett i dag. Arkiv Foto: Rune Helle

– Eg håpar rekorden lev sine siste dagar

Øyvind Strømmen Kjerpeset (17) er favoritt til å ta gull på 400 meter hekk under junior-NM i friidrett i helga.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 13.08.2009 kl 11:32 Oppdatert 13.08.2009 kl 15:07

Tips ein venn på e-post:


Øyvind Strømmen Kjerpeset (17) er spydspissen til FT&IF som fredag er i Bodø for å konkurrere i junior NM. Han er gullfavoritt på 400 meter hekk, men har også medaljesjansar på to andre øvingar.

Men utanom medaljekampen er det ein rekord 17-åringen drøymer om å slå. Nemleg trenaren sin.

Trent av meister

For han blir trent av ein norsk meister på langhekken. Dag Ove Flatjord sprang for BFG Fana då han sette pers på 400 hekk. Det skjedde var på eit nasjonalt stemne på Årdal stadion i 1982. Den gongen klokka Flatjord inn på tida 52.76.

– Eg håper rekorden lev sine siste dagar, kjem det frå ein tent Strømmen Kjerpeset. No følger han det same opplegget som før EM der han var i kjempeform. Allereie fredag får han sin første sjanse til å slette rekorden då det er forsøk på 400 meter hekk.

– Får eg full klaff i Bodø skal eg slette rekorden. Om ikkje det går har eg ein ny sjanse helga etterpå, seier han. Då er det nordisk landskamp i Finland for juniorutøvarar der Florøguten stiller i blokkene.

– Har kapasiteten

Trenaren vedgår at det blir litt vemodig om eleven slettar rekorden sjølv om han håper eleven klarar det.

– Det er jo litt vemodig om han tar den, men det skal seiast at eg var 22 år den gongen og Øyvind er ikkje 18 enno. Så om han klarer den tida er det utruleg oppløftande, seier trenar Dag Ove Flatjord.

Han trur 17-åringen er god nok for fleire medaljar denne helga.

Trur på medaljar

– Eg håpar på gull på 400 meter hekk og bronse på korthekken. På 200 er det meir ope. Han er utruleg godt trent og toler å løpe mange løp slik han skal i Bodø denne helga, og med klaff kan han ta medalje på 200 også, slår Flatjord fast.

På 200 meter er det veldig tett melom 5-6 løparar.

– Eg trur eg har det som skal til for å hamne blant dei tre første. Per Magnus Solli er rimeleg suveren på 200 meter og vinn om han ikkje får ein skade. Bak han er det veldig ope, seier Strømmen Kjerpeset.

Stiller stafettlag

I tillegg til dei to hekkøvingane og 200 meter er Strømmen Kjerpeset ankermann på stafettlaget.

FT&IF stiller desse utøvarane på 1000 meter stafett: Ole Jacob Lid har på førsteetappe 100 meter. Han vekslar med Jørgen Bjørkedal som løper 200 meter. Jonas André Brandsøy løper 300 meter og vekslar med Øyvind Strømmen Kjerpeset som har ankeretappen på 400 meter.

– Eg håpar eg skal vere god form til helga. Eg gjer akkurat det same no som eg gjorde veka før EM og då var eg i kjempeform på fredagen, og det er fredag eg skal gjere mitt første løp, avsluttar gullhåpet.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.