...
Foto: Jan Roar Hatlem

Florø har to medalje- kandidatar

Sju frå Florø T&IF stiller til start under senior- NM i friidrett som tek til i Lillehammer i morgon.

Publisert 30.07.2009 kl 16:46 Oppdatert 31.07.2009 kl 10:51

Tips ein venn på e-post:

...
TIL NM: Øyvind Strømmen Kjerpeset (t.v.) mot siger, ny meisterskapsrekord og ny aldersbestemt rekord på 300 meter hekk under UM 2008. I morgon skal han løpe 400 meter og møte eldre og betre konkurrentar. Foto: Rune Osa

I alt er 15 deltakarar frå Sogn og Fjordane påmelde til den nasjonale meisterskapen, og Florø Turn- og Idrettsforening har største troppen her frå fylket.

Dei har også to utøvarar som blir rekna som medaljekandidatar. Først og fremst er det Eivind Stavang som ikkje er ukjend med NM-gull. I år har han berre fire konkurrentar på 110 meter hekk, når han laurdag ettermiddag skal forsvare førsteplassen frå 2008. Stavang har ikkje betre enn 14.34 som årsbeste, men det er likevel godt nok til å toppe landsstatistikken. Veslebror Vukicevic, 18-årige Vladimir, blir nemnt som ein stor outsider på korthekken.

I morgon er hekkane plasserte rundt heile bana, og blant dei ti som skal forsøke å kvalifisere seg til finalen på 400 meter hekk finn vi Øyvind Strømmen Kjerpeset. Ungguten frå Florø kan med eit maksløp blande seg inn i medaljestriden. Andreas Totsås er den store favoritten, medan Strømmen Kjerpeset er venta å kjempe mot Ragnar Bergheim og Atle McAdam om sølv/bronse.

Øyvind Strømmen Kjerpeset er også på deltakarlista til 200 meter laurdag, og i morgon stiller Eivind Stavang til start på den halve distansen.

Kim Nes Leirvik skal også konkurrere i to øvingar. Stav, der det berre er ni påmelde, slik at han går til direkte finale fredag. Dagen etter skal Nes Leirvik forsøke seg i lengdegropa.

Kasttradisjonane i Florø T&IF skal forsvarast av kulebrørne Yngve og Idar Grøneng Havn og sleggekastarane Steinar Kleppe og Ann Merethe Vågane. På grunn av få deltakarar i kule og slegge treng ingen av dei å kvalifisere seg til finalane. Kule og slegge for menn går i morgon, mens Ann Merethe skal i sleggeringen laurdag.

Florø Turn- og Idrettsforening har også meldt på eit lag til 1000 meter stafett for menn på avslutningsdagen søndag.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.