For sitt langvarige arbeid innan friidretten i Florø fekk Rune og Oddfrid Osa Flora kommune sin kulturpris for 2009
I kring 20 år no har Oddfrid og Rune Osa drive eit viktig arbeid innan Florø Turn og Idrettsforening. For dette arbeidet fekk dei under 17. mai-markeringa på Florø stadion overrekt Flora kommune sin kulturpris for 2009.
Takksame
Det var kultursjef Edvin Helgheim og leiar for kulturutvalet Bengt
Solheim-Olsen som overrekte prisen. Helgheim understreka spesielt korleis
ekteparet Osa hadde drege framover både Friidrettsfestivalen og NM i
friidrett.
Og det var eit takksamt par som tok imot prisen frå kultursjefen. -Hovudsakleg
på vegner av friidrettsmiljøet i Florø, men også på eigne vegner.
Gjev inspirasjon
-Det er absolutt kjekt å bli sett pris på, og det gjev oss inspirasjon til å
halde fram. Det er også ei stor glede for friidretten å få ein slik gjev
pris, seier Rune Osa.
-Samstundes kjennest det bra når vi ser at arbeidet vi legg ned skapar
resultat og gode opplevingar, legg Oddfrid Osa til.
Mange utmerkingar
Innsatsen deira har òg blitt lagt merke til i Friidrettsnorge.
I mars i år fekk ekteparet Friidrettsforbundet si fortenestemedalje, den
høgste utmerkinga friidretten deler ut. I november 2008 fekk dei
friidrettens trenarforeining sin pris for «årets trenar». Dei har tidlegare,
i 2004, i samband med NM i friidrett fått Sunde-legatet sin pris.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir