14 år gamle Henrik Mathiesen Wefring med sterk prestasjon i nordisk meisterskap i klatring som blei arrangert i Finland i helga.
Berre ei veke etter at han tok sølv i klatre-NM for yngre juniorar sikra Henrik Mathiesen Wefring seg ei ny medalje, denne gongen bronsemedalje i nordisk meisterskap.
Instruktør i Flora Klatreklubb, Espen Johannesen, fortel at Henrik konkurrerte i klassen for gutar 94-95 i klatring på led.
Dei innleiande rundane gjekk laurdag, der toppa Henrik begge klatrerutene. Det same klarte ein svensk og ein finsk utøvar, men på grunn av ein teknisk feil stod Henrik med eit poeng mindre før søndagens finale.
Finalen gjekk søndag, og blei ein nervepirrande seanse ettersom dei som klatra før Henrik hadde gjort ein god innsats.
Finaleruta var særs krevjande og ingen av dei sju utøvarane toppa ruta, Henrik måtte gje tapt i eit krevjande parti med utoverheng og dårleg tak. Men han var likevel i føringa då berre to klatrarar gjenstod.
Til slutt var det svensken Rasmus Schwerin som vann, føre finnen Sami Koponen og med Henrik på ein flott bronseplass. Det er ein svært sterk prestasjon, ikkje minst med tanke på at han berre har klatra i vei eit år og berre deltatt i tre konkurransar tidlegare.
Norges Klatreforbund har tatt ut klatretalentet frå Florø på eit spesielt rekruttlag, dette er ei satsing som har gitt særs gode resultat. Alle dei norske utøvarane som deltok i nordisk meisterskap i helga tok medaljar og satsinga har nok ein del av æra for det.
Espen Johannesen seier at dei gode resultata er ein enorm inspirasjon for klubben. - Vi har mange gode talentar, både jenter og gutar. Målet vårt er et at fleire av våre utøvarar kjem med på rekruttlaget og får høve til å delta i konkurransar, avsluttar instruktøren.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir