Ekteparet Oddfrid og Rune Osa fekk søndag den høgste utmerkinga i norsk friidrett under friidrettstinget i Førde.
– Veldig , veldig fortent, sa friidrettspresident Svein Arne Hansen under utdelinga.
I følge NRK Sogn og Fjordane skal det vere første gong eit ektepar får utmerkinga, og første gong medaljen går til nokon frå fylket for administrativ og organisatorisk innsats.
Utmerkinga er den høgste i norsk friidrett. Både dei som kjenner ekteparet gjennom friidretten og folk i Florø generelt kjenner til den oppofrande innsatsen som ligg bak denne utmerkinga.
Rosa innsatsen
Friidrettspresidenten rosa ekteparet for årelang innsats for friidretten og friidrettsmiljøet i Florø som i tillegg til den årvisse friidrettsfestivalen også har bygd opp Florø Indoor Games som eit nasjonalt meisterskap på kort tid i tillegg til at dei har arrangert NM.
Det var også eit samla sentralstyre som stod bak utdelinga.
Stolt Osa
– Det gjer meg stolt at vi som fyrste ektepar får ei slik utmerking. Det var også veldig overraskande, seier Rune Osa til NRK Sogn og Fjordane.
Ekteparet har vist seg som unike lagspelarar og har klart å nytte engasjementet og dei gode kreftene i laget lokalt til å utrette meir enn ein kunne forvente av ein klubb på Florø Turn og Idrettsforening si storleik. Men kanskje viktigast av alt er at dei har bygga vidare på kvaliteten klubben viste seg å ha som arrangørklubb til å skape einarar og ei stor breidde også sportsleg.
20 år med friidrett
Nær 20 år har ekteparet engasjert seg i friidretten og dei fortel medaljen motiverer til vidare satsing.
– Det er ein motivasjon å halde fram med det har gjort i ei årrekkje. Vi likar idretten veldig godt, og har det kjekt med ungdomane. Kjekt å sjå at dei får gode prestasjonar, kunne Oddfrid Osa fortelje
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir