FTIF har så langt hausta 13 medaljar under Ungdomsmeisterskapen i Sigdal
Under helgas UM i Friidrett, vart det medaljeras for Florøutøvarane. Når dei søndag kveld reiser heim att har dei med seg 13 medaljer.
-Vi er kjempefornøgd over innsatsen og medaljane, seier Rune Osa i Florø Turn og Idrettsforeining.
Med til saman 4 gull, 4 sølv og 5 bronsjemedaljar har Florøutøvarane nok ein gong vist kva dei er gode for. Frida Nord Føleide tok gull i både diskos og sleggje medan Øyvind Strømmen Kjerpeseth sette ny nasjonal aldersrekord og mesterskapsrekord i 300 meter hekk med tida 38.25. I tillegg tok Kjerpeseth bronsje og sette ny personleg rekord på 400 meter med tida 51.21.
-Dette utruleg bra, seier Osa vidare. -Vi held same nivå som i fjor, og dette er faktisk langt over forventing.
I tillegg til alle medaljene vart det ein del 4. og 5. plassar. -Desse er også viktige påpeikar Osa. Dei gjer poeng som er viktige for klubbtotalen.
Florø har fortsatt moglegheita til å ta enda ei medalje. Søndag ettermiddag stiller dei lag i 1000 meter stafett.
Medaljene:
Frida Nord Føleide
gull: diskos (32.10) og sleggje (45.16)
Øyvind Strømmen Kjerpeseth:
gull: 300 meter hekk (38.25)
sølv: lengde (6.44) og 110 meter hekk (14.84)
bronsje: 400 meter (51.21)
Yngve Grøneng Havn:
gull: kule (16.37)
bronsje: diskos (47.30)
Ann Merete Vågane:
sølv: diskos (28.81)
bronsje: sleggje (43)
Daniel Nekkøy Ullaland:
sølv: kule (13.86)
bronsje: diskos (43)
Synne Waage Jagedal
bronsje: lengde (4.99)
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir