Florø TogIF deltok denne helga med 21 utøvarar under dei nasjonale Vegdegkke-leikane på Lillehammer, og forsynte seg grådig av premiebordet.
Åtte gull, seks sølv og to bronse var status då dei 21 FT&IF-utøvarane sette seg i bilane og drog vestover søndag.
Øyvind Strømmen Kjerpeset (17) som viste seg fram på Florø Friidrettsfestival, 14 juni held fram med å imponere. På Lillehammer vann han 110 meter hekk på tida 14.85. På 400 meter hekk leverte han eit sterkt løp som var godt nok for sølvmedalje. På 200 meter følgde han opp tida si frå Florø forrige helg med å kjempe seg ned på 23.07 noko som gav sjuandeplass. På formel-1 distansen 100 meter vart det ein åttandeplass på tida 11.51.
Sterk vind
Jonas Brandsøy (17) sprang på 53.06 og persa med over sekundet på 400 meter. Eit sekund forbetring vart det også på 200 meter der han fekk 23.47. Om ikkje vinden hadde vore for sterk hadde tida 11.73 vore pers med to tidelar på 100 meter i tillegg.
Jørgen Bjørkedal (18) har droppa høgde og satsa meir i lengderetninga denne sesongen. Og det skulle gi resultat. Han hoppa 6.18 i lengde og tok sølv. I tresteg strekte han seg til 12.72. Hoppresultata kvalifiserte også svelgaren til junior NM i begge øvingar.
Kim Nes Leirvik (20) var som vanleg i ein klasse for seg i stav. Han vann med ordinære 3.80 der han passerte lista med 70 centimeter klaring.
Han opna for øvrig stemnet med sterke 6.37 i lengde noko som gav sølv.
Stemnerekord
Yngve Grøneng Havn (19) er den bak Eivind Stavang som held høgast nivå i klubben for tida.
Han var på jakt etter kravet til junior VM. Han var framleis ein del bak, men var sterk nok i Lillehammer til å vinne eit suverent gull i kule på 16.79 meter. Sjølv om det var ein del bak VM-kravet og resultatet under festivalen i Florø vart det ny stemnerekord bak Mjøsa. Han tok også ein sterk fjerdeplass i diskos.
Daniel Ullaland Nekkøy (17) gjorde like godt reint bord i øvingane han stilte i. Han vann diskos og kule med sterke personlege bestenoteringar på 44,12 meter i diskos og 13,55 meter i kule.
Ole Jacob Lid (16) viste flotte takter med sterke forbetringar denne helga. Han persa med nesten eit sekund på 400 meter og kom inn på tida 53.94. På 100 meter hadde han 8. plass i finalen med sterke 12.05. Han var ei plassering betre på 200 meter med tida 24.17.
Gunnvor Leikanger Fedje (16) kvalifiserte seg til UM i to øvingar i sterk motvind (-2.1) på 100 meter og (-1.4) på 200 meter.
Kjempetalent
Kristi Strømmen Kjerpeset (10) står no fram som eit kjempetalent på friidrettsbana. Ho er ein utøvar i ein eigen klasse blant sine jamaldringar der ho tok gull både i lengde, 60 meter og høgde. Litt meir konkurranse fekk ho på 60 meter hekk der ho tok ein sterk bronsemedalje. Her skal det strekast under at ho konkurrerte i 12-års klassen.
Sigurd Fedje Leikanger (11) og Vetle Sørstrand Haugen (10) tok fleire medaljar og er to av mange talent i klubben.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir