Eivind Stavang slo til med både gull og sølv i NM i friidrett innandørs søndag ettermiddag.
FTIF har henta heim fire medaljer under innandørs- NM i friidrett no i helga.
Tre av medaljene kom søndag ettermiddag, då Kim Leirvik tok sølv i stav, og Eivind Stavang slo til med gull i 60 m hekk og sølv i lengde utan tilløp.
- Tre sølv og eit gull under innandørs-NM er veldig bra!, seier ein nøgd Rune Osa i Florø Turn- og idrettsforening.
- Eivind sitt gull i hekk var forventa, heilt klart. Men Kim har slite litt meir, så den medaljen var meir overraskande. No ser det i alle fall ut som han er på gang att, seier Osa.
Stavang hadde berre to hopp i høgdekonkurransen, fordi det var så nært opp til hekkonkurransen, men stakk likevel av med sølvet.
Yngve Grøneng Havn tok sølv i kule laurdag.
- Han var ikkje nøgd med resultatet, men plasseringa var sjølvsagt bra, seier Osa.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir