Denne helga vert innandørs-NM i friidrett avvikla i Stangehallen. Eivind Stavang, Kim Leirvik og Yngve Grøneng Havn står på deltakarlista frå FT&IF.
Frå Sogn og Fjordane er fem utøvarar påmelde. Forutan dei tre frå Florø skal Sindre Rørvik, Kaupanger IL og Henrik Holmberg, Vik IL konkurrere.
Eivind Stavang stiller opp i spesialøvinga 60 meter hekk, der både forsøk og finale går søndag. Like etter forsøket på hekken startar lengde utan tilløp, der Stavang også har planar om å delta.
Kim Leirvik skal veksle mellom lengde (med fart) og stav. Desse øvingane startar nesten samstundes søndag.
Yngve Grøneng Havn skal i aksjon i kuleringen laurdag ettermiddag.
Til saman 245 deltakarar, fordelt på 422 startar, skal kjempe om NM-medaljar denne helga.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir