FRIIDRETT: Steinar Kleppe (19) kasta 61.05 meter og vann gullet under UM i friidrett i Kristiansand i dag. Kleppe var i ein klasse for seg i sleggeringen og gullet var aldri truga.
Steinar Kleppe (19) var ein gullgarantist for FT&IF fredag. Og som venta gjekk han til topps med god margin sjølv om resultatet var langt frå den personlege bestenoteringa. I tillegg til gullet vart det ein fjerdeplass i slegge av Yngve Grøneng Havn og Trond Ove Hopen tok femteplassen. Dette betyr mange klubbpoeng til dei blåkledde den første konkurransedagen.
– Gull i slegge var ein absolutt god start for FT&IF i UM, seier Rune Osa som hektisk rapporterte heim frå indre bane.
Firdaposten kjem attende med meir i frå UM i Kristiansand utover i helga.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir