17 Florø-medaljar i Lillehammer

LILLEHAMMER: Florø Turn og Idrettsforening gjorde eitt av dei beste Lillehammer-stemna sine og tok heim 17 medaljar. Ni av dei var gull.

Publisert 25.06.2007 kl 19:54 Oppdatert 27.06.2007 kl 13:13

Tips ein venn på e-post:

...
...
Frida Nordem Føleide, FTIF. Foto: Dag Frøyen

– Dette er første stemnet mitt for sesongen. Eg har rett og slett ikkje gidda å trene så mykje som eg har gjort tidlegare, seier trestegvinnar Helle Nybø Waage til Firdaposten.

Waage hoppa 11,17 meter, men var langt bak sin eigen personlege rekord på 11,75. Det heldt likevel til å klatre til topps i juniorklassa. Men Waage sin var berre ein av mange sterke Florø-presatsjonar.

Kleppe tok gull

Under tunge forhold tok Steinar Kleppe (19) som vanleg gull i sleggje. Han tok òg sølv i spyd og bronse i kule. Dei tolvårige tvillingane Runar og Erlend Ullaland Hove tok tredje- og femteplass i kule.

Frida Nordem Føleide (14) vann sleggje og diskos og vart nummer tre på 1500 meter. Daniel Ullaland Nekkøy (16) vann sleggje og vart nummer to i diskos, medan Øyvind Kjerpeset (16) vann 100 meter hekk og vart nummer to på 400 meter. Yngve Grøneng Havn (18) vann kule, medan ni år gamle Kristi Strømmen Kjerpeset vann 10-årsklassa i lenge og vart nummer tre på 60 meter.

– Lovar bra

Anne Merethe Vågane (17) vart nummer fire i sleggje, medan 11-åringen Sigurd Leikanger Feidje vann spyd og vart nummer seks på 600 meter. Kenneth Holmgren (15) og Vegard Brandsøy (17) vart nummer fire i spyd, og Gunnvor Leikanger Feidje (15) vart nr. seks i lengde.

Florø stilte med heile 31 utøvarar under Veidekkelekene, som er eitt av dei største ungdomsstemna i landet.

– Det ser ut til at vi hevdar oss heilt i toppen blant dei beste klubbane i landet. Dette lovar bra for resten av sesongen, seier Rune Osa til Firdaposten

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.