...
NY REKORD: Anne Cathrine Bakken t.h gratulerer det nye stjerneskotet Ezinne Okparaebo då det var klart at ho hadde slått Ingvild Larsen sin elleve år gamle innandørsrekord på 60 meter. Foto: Dag Frøyen

To norske rekordar

FRIIDRETT: Det vart ein drømmestart for innandørsmeisterskapen i Florø laurdag. Ezinne Okparaebo (18) vart dronninga av ballet med nye norske rekordar både på 60 og 100 meter.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 24.02.2007 kl 19:18 Oppdatert 25.02.2007 kl 00:02

Tips ein venn på e-post:

...
DRONNINGA: Merk deg namnet, Ezinne Okparaebo, det nye norske sprintesset på damesida er berre 18 år og slo til med to norske rekordar under stemnet i Florø laurdag. Foto: Dag Frøyen
...
JUBELDUO: Elitekoordinator Ståle Jan Frøynes og stemnesjef Rune Osa kunne ikkje fått ein betre debut som arrangørarar av eit innandørsstemne i sprint. To norske rekordar var nesten i overkant meinte dei. Foto: Dag Frøyen
...
NØGD: Etter noko sjukdom den siste tida, var det lokale håpet på 60 meter hekk Eivind Stavang nøgd, sjølv om han ikkje kom under EM-kravet på 60 meter hekk. Foto: Dag Frøyen

- Heilt fantastisk, seier elitekoordinator Ståle Jan Frøynes om dei nye rekordane som kom i det første innandørsstemnet i friidrett nokon sinne i Florø. For no står det Sparebanken Sogn og Fjordane Indoor Florø bak den nye rekordane på 60 og 100 meter innandørs for kvinner.

Ezinne Okparaebo viste til dei grader at ho er eit stortalent å rekne med. Først smadra ho Ingvild Larsen sin elleve år gamle rekord på 60 meter til jubel i Florø Idrettssenter.

Kom brått

Friidrettssjef Kjetil Tømmernes kunne fortelje at han ikkje var overraska at Okparaebo kunne senke 60 meters rekorden til Larsen, men meinte den kom veldig brått på. Rekorden stadfesta såleis at sprintstripa i Florø er lynrask.

Deretter var det finale på 100 meter der Elisabeth Slettum sin norske rekord vart sletta av den nye sprintdronninga Ezinne Okparaebo.

Nøgd tross alt

Det lokale håpet Eivind Stavang lukkast ikkje med å kvalifisere seg til EM i Birmingham. Han skulle prøve å presse seg ned under EM-kravet på 60 meter hekk på 7.90 sekund, fattige seks hundredelar under sin eigen pers. Men det vart for langt fram.

- Eg har vore sjuk denne veka og ikkje heilt i toppslag, men det har kome seg så dette kan gå begge vegar, sa han før løpet. Med 8.05 i B-finalen var han nøgd tross alt.

- Det er det tiande løpet så langt i år som er under fjorårspersen så dette kan eg ikkje vere misfornøgd med, slo han fast.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.