FLORØ: Då storvinnar Helge Hafsås ikkje stilte på startstreken, vart det ein spennande maraton konkurranse i Rett Vest. Ny vinnar vart Helge Fugleset frå Ålesund.
Halvegs var det ein trio som leia maratonkonkurransen, som besto av Dagmund Ramsdal frå Flora, David Johnson frå UWC i Fjaler og Helge Fugleset frå Ålesund. Dei held følgje lenge, så måtte den lokale helten Dagmun Ramsdal sleppe. Inne på stadion var det ingen tvil om sigeren gjekk til Sunnmøre på tida 3.10.02.
På kvinnesida var det ein deltakar, Oddny Ringheim frå Fana, som gjekk i mål på litt over fire timar.
Rett Vest er eit mosjonsløp først og fremst, men det er tydeleg at konkurranse er viktig for mange likevel. I fleire av klassane såg vi at dei som kom først i mål, også var dei som raskt tok teten.
Odd Rognebakke frå Naustdal tok sigeren i halvmaraton, medan Gaular-løparen Audhild Hestad var suveren vinnar blant kvinnene. Tidene var 1.20.37 på herrane og 1.27.54 på kvinnesida.
På 10 km for herrar gjekk Harald Nygård frå AKS 77 knallhardt ut og heldt leiinga heilt til mål på tida 34.56. Merete Helgheim frå Måløy tok sigeren frå Norunn Stavø i år og fekk tida 39.34.
Øyvind Kjerpeseth i klassen 14-15 år var raskast av alle i år på 5 km og vann den på imponerande 19.38. På spinnesida var det også ein veldig ung vinnar, Malene Indrebø Langlo (klasse 12-13) som hadde beste tid på 22.51.
Lokal fotball Florø vann stort mot Førde, og er som einaste lag frå fylket klar for tredje runde i junior-cupen Les meir