FSK fekk revansj mot Høyang

FOTBALL: På forsesongen i fjor var FSK og Høyang begge i 3. divisjon. Då vann Høyang heile 8-0. Laurdag fekk FSK revansj og vann 2-1 over Høyang i Høyanger. – Uventa og veldig gledeleg, seier FSK-trenar Jan Ravnestad.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 05.03.2006 kl 13:42 Oppdatert 05.03.2006 kl 15:22

Tips ein venn på e-post:

...
SCORA: Tom René Ørnehaug utlikna for Florø Sportsklubb etter vel ein halvtime mot Høyang og deretter kontrollerte bruntrøyen kampen mot 3. divisjonslaget Høyang i Høyanger.
...
OVERRASKA: FSK-trenar Jan Ravnestad var overraska over kor godt laget hans var mot Høyang i treningskampen på Sletta i Høyanger laurdag. - Dette var ei god oppleving vi skal ta med oss vidare, men vi skal ikkje ta av. Det er framleis lenge igjen til sesongstart, seier han.

For det var ingen som venta at FSK skulle kunne dra det lengste strået mot Høyang i denne kampen. For i tillegg til å vere ein divisjon over, brukar Høyang å vere det aller beste 3. divisjonslaget i fylket på denne tida av året. Oppvarma kunstgras og gode treningsforhold er truleg ein viktig grunn til dette.

Difor var det langt frå venta at FSK skulle kunne tukte det raude heimelaget i kampen laurdag. Opninga viste også at det var eit solid lag dei møtte.

Svak start

Florø sleit i starten og fekk eit mål i mot etter allereie ti minutt. Dei første 20 minuttane vart dei pressa bakpå og heimelaget spelte seg til fleire sjansar. Men etter kvart skulle gjestene komme med i kampen. Dei fekk justert og tetta forsvaret og etter kvart fekk dei flyt framover og spelte seg til sjansar.

Tom René Ørnehaug balanserte målprotokollen etter vel ein halvtime slik at det stod likt til pause. I andre omgang skulle gjestene halde fram det gode spelet og etter 70. minutt sende Hallvar Hjermann Døhlie ball nummer to bak Høyangkeeperen og vart med den fulltreffaren matchvinnar.

Fortent

–Vi hadde god kontroll bakover i 2. omgang og eg meiner vi vinn fortent, seier ein oppløfta FSK-trenar, Jan Ravnestad. Høyang er gamlelaget til FSK-trenaren og laurdag stilte dei med eit godt mannskap. Bruntrøyene fekk såleis vist kva som bur i laget som i år skal kjempe i 4. divisjon. Trass i siger og godt spel vil ikkje Ravnestad ta av etter den overraskande sigeren.

– Det er treningskamp og veldig tidleg i sesongen, så vi skal ikkje gå i taket av prestasjonane. Likevel skal vi ta med oss at vi presterte årsbeste og gjorde ein veldig godt gjennomført kamp mot ein god motstandar. Om Høyang leverte under pari har også vi meir å gå på, påpeikar han.

Dei unge stod fram

I motsetning til tidlegare år har bruntrøyene hatt gode og stabile treningsforhold på den nye kunstgrasbana gjennom vinteren. Ravnestad fekk også stadfesta at dei har gjort ein del riktige ting til no. Fysisk stod dei godt til Høyang og leverte den beste prestasjonen så langt i vinter. Det mest gledelege for trenaren var at dei unge stod fram.

– Det var dei unge spelarane som imponerte mot Høyang og det var både uvetande og gledeleg å registrere. John-Felipe Holmgren, Espen Gabrielsen og Stian Tansø var tre av spelarane vore som leverte ein veldig god figur, avsluttar Ravnestad.

KAMPFAKTA:

Treningskamp

Høyang – FSK 1-2 (1-1)

Sletta kunstgrasbane

Dommar: Ragnar Aamot, Jølster

Gule kort: Ingen

Mål:

1-0 (10. min)

1-1 Tom René Ørnehaug (35. min)

1-2 Hallvar Hjermann Døhlie (70. min)

FSK: Stig Odde Roth, Ali Pour, Kristian Furnes, Sigurd Hjorthol, Thomas Thunes (Sigurd Nybø 45. min), Kjetil Søvik (Hallvar Hjermann Døhlie 45. min), John-Felipe Holmgren (Eivind Nybakk 60. min), Espen Gabrielsen, Lars Oskar Kittang, Tom René Ørnehaug og Stian Tansø.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.