FLORØ: 1990 vart Aart Verhage den første i verda til å padle kring Spitsbergen. 14 år seinare skal ein ekspedisjon på seks, der tre er frå Florø, bli dei første til å runde Nordaustlandet på Svalbard i kajakk.
Kalender | ||
Kampstart om:
www.mobil.firdaposten.no
Firdaposten som startside på mobilen? Send Fpm til 2005
På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.
Sjå skipstrafikken LIVE her!|
Dag Frøyen
E-post
|
|
| Publisert 07.01.2005 kl 14:53 Oppdatert 07.01.2005 kl 15:27 |
Å utfordre nordvesten på yttersida av Batalden vinterstid held ikkje for padlegjengen som no skal bruke sommaren til å gjennomføre ein draum dei har gått svangre med i lengre tid.
Torleif Hjermann, Jo Dale Pedersen og Aart Verhage frå Florø skal saman med Ivar Fineid, som for kort tid tilbake budde i Florø, Ottar Skog frå Sortland i Vesterålen og Stig Stark Johansen frå Svolvær i Lofoten på ekspedisjon.
– Utgangspunktet er at vi skal på tur. Men vi planlegger etter å runde Nordaustlandet, seier Verhage som veit kva dei går til. Temperaturen er kring frysepunktet, og vatnet held minusgrader. Dei vil vere våte og kalde mesteparten av tida og vil slite med gnagsår. Når dei skal runde Austfonna som er den tredje største breen i verda, vil dei måtte padle 120 kilometer i eit strekk. Eller padle i eit døgn utan stopp, om du vil. Skadar må dei også rekne med. I snitt må dei padle mellom 30 og 35 kilometer kvar dag og i sum 700 kilometer. Så kan vi spørje oss kvifor?
Opplevingar
– Dette er realitetane, men det er opplevingane, midnattsola, lyset og den slåande naturen vi er tiltrekt av, seier Torleif Hjermann. Verhage som frå før har runda Spitsbergen, seier det er ei oppleving som sit lenge i. Og no ser han fram til å gi seg i kast med noko han i mange år har ønskt å gjennomføre.
– Eg er viss på at vi vil komme attende som meir lykkelege menneske, kjem det frå Dale Pedersen, som synest å snakke for alle.
Gjengen på seks tek sikte på å padle i tre doble kajakkar. Dei har snart ein utstyrsavtale med Stavangerfirmaet "Ut i Naturen" på plass. Dei kjem, slik det no ser ut, til å hamne på kanadisk-produserte båtar. Med personar og utstyr og mat vil det vere 300 kilo i kvar av dei.
28. juli reiser dei med Hurtigruta nordover frå Longyearbyen. Nord på Spitsbergen skal dei tre kajakkane senkast i havet i rom sjø. 23. august vil dei bli plukka opp att på same stad. Går alt etter planen, og isen ikkje stenger dei inne, vil dei då ha blitt dei første til å runde Nordaustlandet i kajakk.
Bøygen
Fleire har prøvd å runde Nordaustlandet utan å lykkast, då drivisen har stengt passasjen mot aust. Tidspunktet dei har valt skal vere det mest gunstige. Klarer dei å runde den nordaustlege delen av øya og kjem seg til siste kvile, Isispynten, har dei eit stykke padling føre seg som ikkje er for nybegynnarar: 120 kilometer i eitt. Då vil dei passere den tredje største breen i verda, berre slått av Antarktis og Grønlandsisen. Og utfordringane før dei har kome så langt er heller ikkje å kimse av. Skadar, betennelse og belastning samt skade på utstyr er klare utfordringar. Utover dette er kulde og utmatting noko dei må rekne inn. Ein ting er isbjørnane på 700-800 kilo, noko anna er kvalrossane som er dobbelt så store. Ver- og isforhold reknar dei likevel med vil vere dei største utfordringane dei står overfor.
Tryggleik
Uansett er dei krystallklare på at dei ikkje kjem til å gå på akkord med tryggleiken. I utgangspunktet tek dei ekspedisjonen som ein tur. Og ingen skal kjenne seg pressa i gruppa til å gjennomføre noko dei ikkje er trygge på.
Elles vil alle båtane vere utstyrt slik at dei skal kunne klare seg på eiga hand. Dei har internt samband båtane imellom, nødpeilesendarar, satellittelefon og våpen. I leirane dei set opp vil dei sette ut snublebluss for bjørn, og det er også rekna for sikrare å padle i doble båtar. Turen og måten dei vil gjennomføre ekspedisjonen på er også velsigna av Sysselmannen på Svalbard. Vi kjem til å komme attende med meir informasjon om ekspedisjonen og planlegginga utover våren.
Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!
Les meir og delta i debatten!
Kampstart om:
| 03.09.2010 (3. divisjon Sogn og Fjordane 2010) | |
| Jølster - Fjøra | 18:30 |
| 04.09.2010 (3. divisjon Sogn og Fjordane 2010) | |
| Dale - Eid | 16:00 |
| Stryn - Sandane | 16:00 |
| Vik - Florø SK | 16:00 |
| Årdal FK - Tornado Måløy | 16:00 |
| 06.09.2010 (3. divisjon Sogn og Fjordane 2010) | |
| Sogndal 2 - Høyang | 19:00 |
| 10.09.2010 (3. divisjon Sogn og Fjordane 2010) | |
| Fjøra - Stryn | 19:00 |
| Florø SK - Årdal FK | 19:00 |
| Høyang - Vik | 19:00 |
| Sandane - Dale | 19:00 |
| 11.09.2010 (3. divisjon Sogn og Fjordane 2010) | |
| Tornado Måløy - Jølster | 16:00 |
| 13.09.2010 (3. divisjon Sogn og Fjordane 2010) | |
| Eid - Sogndal 2 | 19:00 |
| Lag | S | V | U | T | P | ||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Chelsea | 38 | 27 | 5 | 6 | 103-32 | 86 |
| 2 | Manchester United | 38 | 27 | 4 | 7 | 86-28 | 85 |
| 3 | Arsenal | 38 | 23 | 6 | 9 | 83-41 | 75 |
| 4 | Tottenham | 38 | 21 | 7 | 10 | 67-41 | 70 |
| 5 | Manchester City | 38 | 18 | 13 | 7 | 73-45 | 67 |
| 6 | Aston Villa | 38 | 17 | 13 | 8 | 52-39 | 64 |
| 7 | Liverpool | 38 | 18 | 9 | 11 | 61-35 | 63 |
| 8 | Everton | 38 | 16 | 13 | 9 | 60-49 | 61 |
| 9 | Birmingham | 38 | 13 | 11 | 14 | 38-47 | 50 |
| 10 | Blackburn | 38 | 13 | 11 | 14 | 41-55 | 50 |
| 11 | Stoke | 38 | 11 | 14 | 13 | 34-48 | 47 |
| 12 | Fulham | 38 | 12 | 10 | 16 | 39-46 | 46 |
| 13 | Sunderland | 38 | 11 | 11 | 16 | 48-56 | 44 |
| 14 | Bolton | 38 | 10 | 9 | 19 | 42-67 | 39 |
| 15 | Wolverhampton | 38 | 9 | 11 | 18 | 32-56 | 38 |
| 16 | Wigan | 38 | 9 | 9 | 20 | 37-79 | 36 |
| 17 | West Ham | 38 | 8 | 11 | 19 | 47-66 | 35 |
| 18 | Burnley | 38 | 8 | 6 | 24 | 42-82 | 30 |
| 19 | Hull | 38 | 6 | 12 | 20 | 34-75 | 30 |
| 20 | Portsmouth | 38 | 7 | 7 | 24 | 34-66 | 19 |
Kampstart om:
| 11.09.2010 (Tippeligaen 2010) | |
| Tromsø - Brann | 17:00 |
| 12.09.2010 (Tippeligaen 2010) | |
| Hønefoss - Haugesund | 18:00 |
| Kongsvinger - Sandefjord | 18:00 |
| Lillestrøm - Start | 18:00 |
| Odd - Aalesund | 18:00 |
| Rosenborg - Viking | 18:00 |
| Vålerenga - Stabæk | 20:00 |
| 13.09.2010 (Tippeligaen 2010) | |
| Strømsgodset - Molde | 19:00 |
| 18.09.2010 (Tippeligaen 2010) | |
| Viking - Vålerenga | 17:00 |
| 19.09.2010 (Tippeligaen 2010) | |
| Aalesund - Kongsvinger | 18:00 |
| Molde - Hønefoss | 18:00 |
| Sandefjord - Tromsø | 18:00 |
| Stabæk - Odd | 18:00 |
| Start - Strømsgodset | 18:00 |
| Brann - Rosenborg | 20:00 |
| 20.09.2010 (Tippeligaen 2010) | |
| Haugesund - Lillestrøm | 19:00 |
Kampstart om: