Daff i år òg

DALE: Kanskje går du med ein Fellini i magen, ein Bergman eller ein aldri så liten Spielberg? Då kan Dale amatørfilmfestival, Daff, vere noko for deg.

Publisert 03.06.2006 kl 15:41 Oppdatert 03.06.2006 kl 15:44

Tips ein venn på e-post:

...
TO DAFFE TYPAR: Gaute Hope (t.h.) og Oddmund Haugen står bak Daff, amatørfilmfestivalen i Dale. Foto: Alf-Haakon Harlem

Det er den første helga i august det skjer, i Dale i Fjaler. Bak festivalen, som er den andre i rekkja, står to unge entusiastar, Gaute Hope og Oddmund Haugen. I fjor samla dei nesten hundre filmfrelste som fekk ta del i eit program med ni filmar. I år håper dei på endå betre oppslutnad.

– Filmskaparar i alle aldrar, mest gutar i alderen 18-20 år. Vi vil oppfordre og be jenter om å lage meir film! Noka større filmerfaring har ingen, dette er ein amatørfilmfestival, og vi vil ha filmar frå amatørar – slike som går med ein idé, og som bruker det dei har til realisere den. I fjor kom alle filmane frå lokale folk. No vil vi med stønad frå EU ta sikte på ein litt større europeisk dimensjon, seier Oddmund Haugen, som er talsmann for initiativtakarane.

Sidan festivalen er blitt til gjennom ungdommeleg initiativ, har det kvalifisert til 60 000 kroner i støtte frå EU sit YOUTH-program. Ein del av dette skal gå til sjølve festivalen, medan ein god pott går med til to kurs i festivalen sin regi, det eine i slutten av mai og det andre i juli.

Og målet med festivalen er greitt definert:

– At alle som vil, skal få vise filmane sine for eit større publikum, seier Haugen. – Og så vil vi gjere noko kult for oss og for samfunnet vårt, legg han til.

Festivalen er open for alle som lagar film. Siste frist for innsending av filmar til festivalprogrammet er 22. juli. Meir informasjon finn du på www.daff.no.

Mest lese no

...

Ordensuroing og påkøyrd hjort

Lokalnytt Politiet rykte natt til søndag ut til to hendingar i privathus i Florø. Les meir

...

Klar for 3. runde

Lokal fotball Florø vann stort mot Førde, og er som einaste lag frå fylket klar for tredje runde i junior-cupen Les meir

...

Stortap for Florø

Lokal fotball Slapp inn fem mål på ein halv omgang Les meir

...

Delte førsteplass i Jølster Rundt

Lokalnytt Mikael Johansen delte førsteplass på Jølster Rundt med Thomas Kristiansen Grønfur. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.