POGO POPS

”Darling Emm, Northern Girl”

Publisert 12.09.2012 kl 23:39 Oppdatert 12.09.2012 kl 23:39

Tips ein venn på e-post:


...

Heilt ærleg? Eg trudde eg hadde utvikla meg vekk frå Pogo Pops. At dette blei for mainstream i høve til det eg lyttar til no. Men der tok eg jaggu feil, gitt.

To geniale pop-plater, ”Pop Trip” og ”Crash”, ei eg ikkje skjønte noko av, ”Pure”. Ei godt over gjennomsnittet, ”Surf”. Og comebacket frå 2009 ”Where The Action Is”. Då følte eg at bandet hadde nådd så langt som dei kunne. Men med ”Darling Emm” sender dei meg i skammekroken. Om det ikkje er genialt, så er det milevis forbi godkjentpunktet.

Igjen snakkar vi om reinspikka pop, powerpop om du vil. Og igjen trur du at du har høyrt mange av låtane før. Du veit berre ikkje kvar.

For det er sånn ”Darling Emm, Northern Girl” er. Ei samling av 10 låtar på eit stykke aluminium (eller vinyl). Ei samling låtar av ein heilt uimotståeleg kvalitet.

Den keyboard-dominerte ”Soaring With The Eagles” opnar ballet. Ein låt der Krüger stort legg gitaren til side, og lar tangentane tale. Men krydrar det heile med fine gitardetaljar heile vegen. Sommarleg og svalt. ”My Girl” byrjar litt på same måten. Mykje keyboard, men samstundes etter kvart mykje gitar. Og eit klassisk Pogo Pops-refreng. Og tillaup til ska. Det er hakket mjukare på ”Troubled Days Are Over”. Den første smakebiten som blei sleppt frå plata. Og som på dei føregåande låtane kjenner eg at eg for ein gongs skuld, ikkje har i mot å høyre på ei plate der det blir brukt syntetiske trommar som utfyllande perkusjon. ”Darling Emm, Northern Girl” viser ein Frank Hammersland i storform bak mikrofonen. Omgitt av ein Phil Spector-lyd i 90-tals-format. Ein stor og majestetisk låt langt unna grensa til det svulstige og sjølvhøgtydelege. Dei roar heilt ned på byrjinga av ”Man Out Of Time”. Ein naken akustisk gitar som etter kvart får følgje av eit større, men likevel smakfullt lydbilete. Litt sein 80-tals Costello. ”Mystery Train” er bygd opp rundt eit enkelt, tøft og effektivt gitarriff. Igjen med eit mektig detaljrikt lydbilete. No er det gitarane som har styringa, men på ”Paralells” i eit samspel med tangentane. Og eit særs effektivt korarrangement. ”Rest Your Eyes” byr på funk og soul. Og Hammersland og kompani gjer det med same sjølvfølgje som når dei spelar pop og rock. Igjen nydeleg og svalt. Før dei hiv seg på noko som an beskrivast som discorock på ”Underworld”. Men berre i versa. Når dei først bryt ut i refrenget, lar dei discoen ligge attende som ein våt klut i vegkanten bak seg. Gode delar tung synth og tunge gitarar. Og powerpop eksemplifisert. ”Spin The Teenage Dream” går i gong og gjer seg klar for å ta plata inn for landing. Og det er jo typisk. Når festen er godt i gong, er det slutt. Men dei halar det fint i land med platas lengste låt. Dronepop som berre mel i veg. Og går og går og går. Før den søkk saman og parkerer på oppstillingsplassen.

Dette er faktisk ei fantastisk fin plate, som viser at kombinasjonen produsent Yngve Sætre og Pogo Pops er ei vinnaroppskrift.

På framsida no


...

Jomfrueleg shoppingtur

I løpet av 25 år har ekteparet Kari og Per Vidar Ottesen aldri gjort det.

...

Ingrid på landbruksoffensiv

Ingrid Heggø utfordrar regjeringa med ny raud landbrukspolitikk inn mot landbruksoppgjeret.

...

Kva med eit blått eventyr?

Om du manglar båt, men ønskjer deg ferie på sjøen, finst det moglegheiter lokalt.

...

Bil i brann på Stavøya

Onsdagkveld tok ein bil brann på Stavøya.