...
 

DUMDUM BOYS

”Ti Liv”

Publisert 18.05.2012 kl 10:23 Oppdatert 18.05.2012 kl 10:25

Tips ein venn på e-post:

I sin iver etter å utvikle seg har bandet denne gongen hyra inn Bent Sæther frå Motorpsycho som produsent. Så då bråkar dei litt meir, om ikkje noko anna. For elles er vel bandet som ein gong var referansen for norskspråkleg rock ikkje så nyskapande lenger. På ein måte gjentek dei seg sjølv. Og då kan jo eg og. Eg har vore fan avdette bandet sidan 1980. Då dei platedebuterte under namnet Wannskrækk på samleplata "Kraftrock" . Det er pokker meg 32 år det!

Men når det er sagt. Sidan ”Transit” frå 1992 har dei ikkje skapt den store begeistringa hos meg. (med unntak av denne: Racer) Problemet er sjølvsagt at dette bandet no etter kvart berre har fortida framfor seg. Eigentleg er dei sin eigen største fiende. Alt dei har gjort dei siste åra har blitt målt opp mot kva dei har gjort tidlegare. Spesielt, for min del, dei fire første platene. Og då kjem dei alltid til kort. Til liks med alle andre som har blitt samanlikna med dei. No er dei inne i ein fase der dei prøver å fornye seg. Og denne gongen er grepet å dra inn Bent Sæther som produsent. Utan at det eigentleg forandrar så mykje. Dei prøver seg på disco for første gong, ”Pulver”. Eit forsøk som er heilt greitt. Men eg nok innrømme at då svenskane Willmer X prøvde det same, var det langt meir vellukka. Wilmer X "Min Egen Metod". Eit band som for meg har ein del likskapar med DumDum Boys. Dei spelar enkel ukomplisert rock. Med sterke låtar. Og starta omtrent samstundes. Dei gjer også eit forsøk på boogie, ”En kald Dag I Helvete”. Men den blir etter kvart berre slitsam. Dei tek også i bruk strykarar for første gong.

Men best likar eg dei når dei læt som seg sjølve. ”God Morgon Satan” og ”Synd For Deg” (med fantastiske blåsarar) er døme på dette. For eigentleg likar eg denne plata. Eigentleg likar eg DumDum Boys. Dei klarar ikkje å bli kvitt meg SÅ lett. Men som sagt det var betre før. Det er den lengten etter dei tidlegare høgdene, som gjør at eg aldri sluttar å håpe.

At dei kan gjere det igjen.



På forsiden nå


...

Sommar og fiskeoljesøl går hand i hand

Lokalnytt Firdaposten har fått tilsendt eit bilete frå ein oppgitt lesar som har fått grisa til fjæra si med fiskeolje. Les meir

...

Bandstand opnar rockehelga

Kultur Torsdag kveld sparkar musikkfesten laus på Haavebua, og det er lokale artistar som har fått æra av å opne den musikalske delen av Himmel & Hav-helga. Les meir

...

Ta det beste festivalbildet!

Lokalnytt Ta det beste festivalbildet i sommar - vinn iPad mini. Les meir

...

- NTP-merknader har liten verdi

Lokalnytt - At Høgre har sikra ein merknad i Nasjonal Transportplan (NTP) betyr berre at dei ville skrive om den, men ikkje at den nødvendigvis vert realisert, seier valforskar Grepstad. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.