SERGEANT PETTER & THE BUDDIES

”Sergeant Petter & The Buddies”

Publisert 22.03.2012 kl 11:57 Oppdatert 22.03.2012 kl 11:57

Tips ein venn på e-post:

På si femte plate gjer eigentleg ikkje Petter Folkedal tinga så veldig forskjellig frå tidlegare. No veit ikkje eg om han har brukt lang tid på sine tidlegare innspelingar. Men her har han og bandet gått i studio og brukt tre dagar på å få alt på plass. Og det har dei sanneleg greidd.

Den største forskjellen frå tidlegare, er at han og bandet har skjegla litt til forbilda sine. Som til dømes Neil Young (”Rod’N’Reel”). Og Bob Dylan (”Outlaw”). Dei nemner og Tom Petty, George Harrison, Rolling Stones, Dinosaur Jr. og Lemonheads som inspirasjonskjelder. Alle artistar/band som kan høyrast spor av på plata.

I tillegg til det meritterte bandet, Frode Unneland (Savoy, Popium), Morten Skage (Sondre Lerche) og Kato Aadland (Sondre Lerche og superprodusent), får han hjelp frå Frank Hammersland på koring. Men det som tidvis verkeleg løftar plata er saksofonen til den amerikanske jazzkometen Jon Irabagon. På dei låtane der den blir brukt stig det heile opp til ein stad der Sergeant Petter ikkje har vore tidlegare.

No har etter kvart spora av countrymusikk som var til stades i musikken til Sergeant Petter forsvunne. Men om dette er streitare og meir tradisjonelt, sørgjer låtane og stemma til Folkedal for at det likevel blir genuint. Og lett gjenkjenneleg.

Ei glimrande plate.

...


På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

...

Måtte reddast ned frå Hornelen

Lokalnytt Braut foten - måtte hentast av redningshelikopteret. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.