”Bror Min og Jeg”
Oppfølgjaren til ”Sanger Jeg Lærte Av Far Min” frå 2010 viser at Granlund har etablert og funne sitt eige unike uttrykk. Med stemma si vil han jo alltid være unik. Den er den same som då han slo igjennom på 70-talet. Saman med musikken som er sterkt amerikansk-inspirert, americana. Det gjer det unikt. Med norske tekstar. Mykje sjølvskrive materiale, men også låtar av andre. Mellom anna Richard Thompson og ein fin versjon av Marius Müller sin ”Carmen”. At ikkje nokon har plukka fram denne låta før, er litt rart. Desto betre at Granlund no tek ansvaret og gjer noko med dette. Ein sterk og respektfull versjon.
Elles samarbeidar han med Eigil Berg (New Jordal Swingers); og mellom anna tekstforfattarane Ingvar Hovland og Asbjørn Stokkeland. I tillegg til å skrive ein del sjølv. Det musikalske blir tatt i vare av mellom anna strengevirtuosen Geir Sundstøl. Men det som andre leverer her, står ikkje attende for det denne mannen leverar. Heile plata er eit solid stykke handverk. Rett og slett ei triumfferd.
Høgdepunkt: ”Lav Sol” og ”Bror Min Og Eg”.
Lokal fotball Florø vann stort mot Førde, og er som einaste lag frå fylket klar for tredje runde i junior-cupen Les meir