GOOD TIME CHARLIE

”Garage A Go-Go”

Publisert 01.11.2011 kl 22:06 Oppdatert 01.11.2011 kl 22:06

Tips ein venn på e-post:

...

Good Time Charlie visar med si femte plate at dei kan stolast på. At dei er i stand til å levere varane som forventast av dei.

Steinar Karlsen spiller gitar på sin vanlege og autoritære måte. Det høyrast faktisk ut som at han leikar seg. Har det moro. Ein del av tinga her er over gjennomsnittet virtuost. Saman med soloplata frå tidlegare i år tydar dette på ein musikar full av overskot.

Og når Arle Hjelmeland syng betre enn nokon gong og har full kontroll på munnspelet, kan eg berre fastslå at Good Time Charlie har levert si til no beste plate.

Som på førre plata, og som tittelen tydar på, er det garasjerocksjangeren som gjeld. Men dei har ikkje gløymt rhythm and blues-røtene sine. Både det og soul finn ein igjen i fullt monn. Det som gir plata det litle ekstra er at produsent Yngve Sætre har fått leike seg litt meir med keyboardet sitt. Spesielt tivoliorgelet på ”Shine” er særs effektivt.

Men det som verkeleg køyrar denne plata heilt til topps er låtane. Karlsen og Hjelmeland har snekra saman karrierens sterkaste samling låtar. No er ikkje dette noko originalt eller nyskapande. Men handverket og utføringa gjør dette til eit produkt heilt i toppen av sjangeren.

Glimrande!

Mest lese no

...

Ho skal drive fram høgskuleprosjektet

Lokalnytt Tidlegare Måløy Vekst-leiar Kristin Maurstad blir prosjektleiar for subseaingeniør-utdanninga i Florø. Ho tek også over jobben som prosjektleiar får Kystvegen. Les meir

...

Kan bli utan postkontor

Lokalnytt Mindre byar som Florø kan stå på kuttlista når Posten no vil kutte 150 postkontor. Les meir

...

Vil ha ein verkeleg kystveg

Lokalnytt Bygg ein verkeleg kystveg med bruer til Grøneng og Terøy og vidare veg til Botnane med ferje derifrå til Bremanger. Det vil vere i Flora si beste interesse, seier Øivind Fjæreide Les meir

...

Held vakt i Magnhildskaret

Lokalnytt Vegen er open, men Statens vegvesen held dagvakt ved Magnhildskaret for å kunne stengje vegen i tilfelle ras. Det er meldt store nedbørsmengder i dag onsdag og i morgon torsdag. Vegen kan bli stengd på kort varsel. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.