VON

”Mange Veigje”

Publisert 14.10.2011 kl 16:00 Oppdatert 14.10.2011 kl 16:00

Tips ein venn på e-post:

...

Dette er for meg eit nytt band som er ute med si andre plate. Bandet kjem frå Gudbrandsdalen og treng ein referansar er det lett å peike på Hellbillies og spesielt Ni Liv. Grunnen er sjølvsagt at dei syng på dialekt. Men også den heilt tydelege inspirasjonen frå amerikansk musikk. Sjølv om Von er litt meir breibeinte og tøffe. Med litt høgare gitarar og mykje brusande orgel, og dei går ikkje av vegen for å plukke frem banjo og mandolin heller.

”Deinn Lange Reisa” har ein intro som gjer meg ein svak aning av byrjinga på The Who sin ”Baba O’Riley”. Og då er vi ikkje inne i CSI New York. Men kanskje CSI Sel. Ein låt som på sin eiga måte er like monumental, med tøff slidegitar undervegs. Ein snev av garasjerock kviler over ”Gild Kar”. Og på sin måte like monumental som førstelåten. ”Motbør” senkar tempoet litt, og fyller på med tungt orgel, og det heile sig frametter som ei elv av god lyd. Ein hylling til heimstaden følgjar i ”Blant Høge Fjell”. Eit litt høgare tempo er tonefølgje litt songen om heimlengt, med ein smakfull banjo liggande i botnen. ”Åt De” er platas første ballade. Og er den som minnar meg mest om Hellbillies. Når det er sagt tykkjer eg Von er betre enn hallingdølene. Eg likar mange låtar med Hellbillies, men dei har for meg aldri vore eit albumband. Men det er derimot Von, dei har levert eit heilt produkt. Eit album som i mine øyre ragar over det før nemnde band har gjort. Opp med tempoet på ”Frå Son Te Far”. Nok ein låt som går og går med eit klart mål i blikket. ”Flukt” køyrer vidare med eit fint refreng. Og sjølvsagt høg kvalitet på låten med mykje fine gitarfylllingar. Platas andre ballade, ”Heimplassen”, plukkar fram både mandolin, banjo og akustisk gitar. Alt spelt til tider virtuost. Ein fin beskriving av heimstaden. ”Solreinning” aukar trykket litt og observerer verda mens den vaknar. Med ein rivande orgel- og gitarsolo, dette er platas tøffaste låt. Riffing opnar ”Født Te Å Få Te Illt”. Og står etter kvart fram som Gudbrandsdalsutgåva av DumDum Boys. Nok ein tøff låt med fint samspel av gitarriff og orgel. ”Berre I Verd’n” markerar at vi har kome til vegs ende. Og av ting minner banjoklimpringa i byrjinga meg om Teenage Fanclub. Resten av låten kan minne om ei folkrockutgåve av nemnde band. Den er samstundes ei veldig fin avslutting på ei veldig fin plate. Som fleire burde oppdage. Tidvis heilt glimrande.

Mest lese no

...

Ho skal drive fram høgskuleprosjektet

Lokalnytt Tidlegare Måløy Vekst-leiar Kristin Maurstad blir prosjektleiar for subseaingeniør-utdanninga i Florø. Ho tek også over jobben som prosjektleiar får Kystvegen. Les meir

...

Kan bli utan postkontor

Lokalnytt Mindre byar som Florø kan stå på kuttlista når Posten no vil kutte 150 postkontor. Les meir

...

Vil ha ein verkeleg kystveg

Lokalnytt Bygg ein verkeleg kystveg med bruer til Grøneng og Terøy og vidare veg til Botnane med ferje derifrå til Bremanger. Det vil vere i Flora si beste interesse, seier Øivind Fjæreide Les meir

...

Held vakt i Magnhildskaret

Lokalnytt Vegen er open, men Statens vegvesen held dagvakt ved Magnhildskaret for å kunne stengje vegen i tilfelle ras. Det er meldt store nedbørsmengder i dag onsdag og i morgon torsdag. Vegen kan bli stengd på kort varsel. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.