“Grandma's Roadhouse”
Rocken er i ferd med å dra på åra. Så gammal har den blitt at det har dukka opp eigne «Rock-arkeologar», som for tida er i aktivitet med å grave fram gamle skattar. Eit eksempel på dette «fenomenet» er den dyktige og dedikerte svenske musikaren / musikkjournalisten L-P Anderson sitt arbeid med å få musikken og platene til den fantastiske låtskrivaren og artisten Jim Ford fram i lyset for nokre år sidan.
No er L-P involvert i presentasjonen av nok ein gløymd skatt. Denne gongen dreiar det seg om plata «Grandma's Roadhouse» med ei gruppe som kalla seg «Riley», etter fornamnet på vokalisten og gitaristen Riley Watkins. Desse innspelinga blei funne i samband med eit prosjekt rundt ein av dei andre medlemmene i denne gruppa, Gary Stewart. I motsetning til resten av Riley-medlemmene, gjorde Stewart seg seinare kjend som artist og låtskrivar på 70-talet. Han var m.a. opphavsmannen til nr. 1-låten «Shes's acting single, I'm drinking doubles» i 1975. Men nok om det, dette dreiar seg om gruppa Riley. Denne plata blei til grunna Gary Stewart sin jobb i platestudioet «Bradley's Barn». Eit av frynsegoda han hadde i denne jobben var tilgang til uavgrensa studiotid når dette var ledig.
Og det nytta han seg av i samarbeid med vener i gruppa, som altså blei kalla Riley. I 1971 spelte dei inn ei plate og trykte den opp i 500 eksemplar som skulle seljast på konsertar i området rundt Michigan. Men slik gjekk det ikkje, gruppa blei oppløyst like etter og platene gløymt. Nokre av eksemplara dukka så opp i samband med Stewart-prosjektet, og kvaliteten var så bra at den no ligg føre på marknaden i ei flott CD-utgåve.
Og eg må tilstå at eg likar dette. Ei variert plate med tydelege spor til den tidas toppgrupper som The Band og Creedence Clearwater Revival, og ikkje minst låtar med glimrande fleirstemt song. Stilmessig kan mykje av dette kallast countryrock, og det betyr at denne gjengen var pionerar innan denne sjangeren. Etter å ha høyrt en god del på denne plata dei siste dagane, kan eg trygt seie at kvaliteten på musikken har halde seg bra. Det let friskt og tidlaust, så ei stor takk til desse rock-arkeologane for nok ein gong å ha redda flott musikk frå evig gløymsle.
(No står det att berre å prøve å få tak i eit eksemplar av originalen. Får sjå kva som dukkar opp på eBay......)
- Stig Reiakvam