”Never Ever Going Back”
Hilde Louise Asbjørnsen frå Sykkylven kan vi utvilsamt kalle eit multitalent. Ho gjer seg bemerka innanfor teater, cabaret og ikkje minst som komponist og songar.
I mars slapp ho og hennar glimrande ”Orchestra” si femte plate; ”Never Ever Going Back”. Som på dei tidlegare platene er basisen jazz, men her er rikeleg med andre påvirkningar. Tydelege spor av cabaretmusikk, spenstige pop-låtar, bossa-nova m.m. Det heile er uhyre elegant framført. Hilde Louise Asbjørnsen er ein sjeldent dyktig vokalist som kan dette med frasering. Når ho i tillegg blir akkompagnert av et fantastisk samspelt og dyktig orkester kan det ikkje bli dårleg.
Produksjonen kan karaktiserast som lekker, med eit opent og sylskarpt lydbilde der alle dei flotte detaljane kjem til sin rett.
Kort og greitt: Nok ei glimrande plate frå Hilde Louise Asbjørnsen.
Stig Reiakvam.