”Puzzle/The Detective”
No er dette ikkje nødvendigvis den beste plata som kjem ut år, men eg tviler på at nokon klarar å overgå plateomslaget på denne utgjevinga. Kunstnarane Hans Hansen og Hanne Grieg Hermansen har fått frie tøylar i utforminga av den 32 siders kunstboka i A5-format som utgjer omslaget. Og det er nydeleg utført.
Det same kan seiast om musikken her, gruppa med det lange namnet kjem frå Trondheim men har for tida postadresse i Oslo. Og kan kallast den nye trønderrocken som har meir til felles med Motorpsycho enn heltane frå fortida.
Akkurat Motorpsycho i ei lett og lys utgåve er inga dum referanse på musikken her, med islett av banda til produsent og musikar Sjur Lyseid. Little Hands Of Asphalt og Monzano, men også utanlandske referansar Band Of Horses, Death Cab For Cutie og Built To Spill kan ein høyre igjen her. Med ein cello ofte sentralt i lydbildet.
Det er ingen kjappe kommersielle refreng her, låtane er lange (8 låtar over 2 CD’ar skulle borge for det) og det er jakta på ein stemning som står i sentrum.
Dette er tidvis ei nydeleg plate som veks og veks, eg anbefaler at du tar deg tid til å sette deg inn i musikken her. Tvilar på om du kjem til å angre om du har sans for noko av referansane eg har nemnt over her.