”The Straight And Narrow”
Dette er ei plate eg eigentleg burde elska; vokalisten i no oppløyste The Ricochets, Trond Andreassen, og eit lydbilete ikkje ulikt før nemnde band. Men med ein dragning mot country, med mykje munnspel (dette her minner meg til tider om, hald deg fast, Kurt Washburn. Men med ein større snert).
Så eigentleg ligg alt til rette for at dette skulle vere ei killer-plate, lyden er det ingenting å seie på. Miksing og mastring er tatt hand om av høvesvis Mike Hartung (Motorpsycho, My Midnight Creeps, Enslaved) og Chris Sansom (DumDum Boys, Tellusalie, Turbonegro).
Men, det er alltid eit men. Kvaliteten på låtane ligg ikkje på same nivå som lyden på denne plata. Og den sterkaste låten er framleis den som blei gitt ut i forkant av plata, den Knut Schreiner-produserte Meat Loaf-pastisjen”Wall Of Stone”. No er ikkje resten direkte dårleg, men det brenn ikkje på den måten eg håpte det ville gjere.
Opninga ”Rose’s Bed” er den første countrylydande låten, med eit snev Nick Cave-light. Countrygarasje. ”Just Another Fool” ligg i same sjanger, ei fin ballade. Snev av garasjerock får vi i ”Seen It Coming”, ”God Really Loves My Woman” (på den melodiøse sida), ”Blue Coloured My Mind” og “Keep My Eyes On The Road”.
Countryinspirasjon av det lågmælte slaget får vi også på ”Winter Song” og ”Tumbleweed”. Same sjanger finn vi også på tittelsporet. ”The Straight And Narrow”. Ein litt meir temposterk variant.
Litt meir dramatisk er det på Jaques Brel-låten ”Amsterdam” og ”To The End”, to låtar med eit visst slektskap.
”Wonder Of You” er nok ein ballade der det heile er roa heilt ned, med eit snev av cool jazz.
Så som du skjønar, dette er faktisk ei ganske bra plate.
Men som eg skreiv innleiingsvis, eg vart litt skuffa. Som ein av og til blir når ein har høge forventningar.
Plata er, bortsett frå ”Wall Of Stone”, produsert av Sven Olsen (Grand Island, Motopsycho, Sivert Høyem) og bandet. Medmusikantar på plata er Knut Schreiner, Ole Morten Gimle (Saturday Cowboys (!!), El Corazón) og Freddy Holm (Tommy Tokyo, The Cornflakes, Henning Kvitnes, Roy Lønhøiden).