...
 

INGRID OLAVA

”The Gift”

Publisert 07.03.2010 kl 19:47 Oppdatert 07.03.2010 kl 19:47

Tips ein venn på e-post:

Selskap

  • Universal

Plate nummer to frå everybody’s darling, nesten. Ikkje meg.

Eg tykte ikkje debutplata ”Juluet’s Wishes” frå 2008 var noko å kave seg opp over. Det var ei plate som var grei nok, men som ikkje fekk nokre lyttingar utover pliktlyttinga.

No er ho klar med plate nummer to, har skifta plateselskap og har no nettopp motteke eit stipend frå Statoil på 800.000 øyremerkt utanlandslansering.

Det siste har nok ikkje noko med denne plata å gjere, men no prøvde eg på finne fram til positive hendingar i karrieren sidan førre plate. Og eg meiner heilt oppriktig at eg ønskte at andreplata var sterkare enn debuten.

Men det er ho dessverre ikkje.

Framleis skortar det på låtmateriale av god kvalitet. Og denne gongen finn ein ikkje eit klart høgdepunkt som "Only Just Begun".

Lydmessig har eg ikkje noko å utsette, produsent Frode Jacobsen (Madrugada) har nok ein gong sørgde for at det læt fint. Eg høyrer ekkoet av Joni Mitchell, Tori Amos og vår eiga Susanne Sundfør. Men ei fin innpakning klarer ikkje å dekke over den vesentlege mangelen, ingen verkeleg gode låtar.

Den beste låten her er singelen som kom i forkant av plata, ”Warrior Song”. Kanskje litt fordi den skil seg ut frå resten av plata med eit høgare tempo.

Mest lese no

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Selje innfører orkan-trekk

Lokalnytt Selje kommune har bestemt seg for at tilsette som ikkje kom seg på jobb under Dagmar-orkanen, blir trekt i løn. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.