"David Urwitz"
Så er vi attende på lauken svenskspråkleg rock, jo meir eg skreller av jo meir høgkvalitets rock finn eg. (Ikkje nappe lauken, det er noko heilt anna...)
David Urwitz har eg aldri høyrt om før, men det seier gjerne meir om meg enn om han.
Han har tidlegare gitt ut fem plater i heimlandet, dette er ei oppsummering av tre av dei som no blir sleppte her i Noreg.
Dette er faktisk veldig bra, det høyrest ut som ei blanding av Per Gessle solo, Ulf Lundell, Lars Winnerbäck, [Ingenting] og Bruce Springsteen.
Plata opnar med dei to singlane som alt er ute frå plata, "Lycklig" med ein helling mot Winnerbäck som han høyrest ut på den nyaste plata og "Din Skull" som minnar om ei litt tyngre utgåve av det Gessle har gjort i det siste. Med pianoet som eit leiande instrument i versa.
Og som plata startar, held ho fram, gjennom 12 sterke låtar.
Har du sansen for nokre av dei referansane eg nemner i byrjinga på platemeldinga, kan du trygt skaffe deg denne plata. Og ikkje la deg skremme av at P4 tykte at denne plata var storveges og vil marknadsføre den tungt (då kjem vel Radio Norge joggandes etter). Då er du like fordomsfull som meg. (om du slår opp på ordet FORDOMSFULL i Aschehoug og Gydendals Store Norske leksikon er det bilete av meg...)
Produsenten på denne plata, Charlie Storm, har tidlegare jobba med mellom anna Roxette og Per Vestaby.